Altgodt og drømmemannen 22.09.2012
Hjem / Bryllupsforum / Våre bryllupsforum / Må-Gjøres-Lister / Altgodt og drømmemannen 22.09.2012
Hjem / Bryllupsforum / Våre bryllupsforum / Må-Gjøres-Lister / Altgodt og drømmemannen 22.09.2012
- Dette emnet har 22 svar, 7 deltakere, og ble sist oppdatert 12 years ago av
altgodt.
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 8Replies: 242
Eg kom til at ei liste er praktisk for meg og, så eg kopierte ei eg fann her inne. Slik ser mi ut:
Grønt= OK!
Raudt= Ikkje ferdig/restanse
Sort= Ikkje klart
Bruda:
Brudekjolen: Kjøpt, heng hos sydama. Prøvde ferdig klipt kjole 12. juli, skal tilbake i august og prøve med dei siste tilpasningane.
Sko: Har to par. Eit med 2 cm høgde og eit med 5 cm.
Smykkesett: Veit ikkje om eg skal ha.
Undertøy til kjolen: Body frå Primadonna er innkjøpt på kjempefin Londontur! 😃
Undertøy til natta: Hehe, ingenting.
Frisør: Trond hos Spaghetti i Bogstadveien. Bestilt, og bestilt prøvetime/klipp mandagen før.
Sminkør. Også hos Spaghetti, bestilt.
Negledesigner: Eg fiksar dei sjølv.
Strømpebukse eller Stay-ups? Tar nok med begge delar. Kjøpt.
Kleenex: Kjøpe
Brudgom:
Dress.: Kjøpt 25.02., ferdig innsydd og henta.
Slips: Gullfarga, kjøpt..
Skjorte. Kjøpt i London
Sko: Sannynlegvis vil han bruke eit par han har, han hadde eit par fine som passa veldig bra.
Sokkar: Han ordnar sjølv.
Belte: Kjøpt
Frisør før bryllupet: Barberaren i Josefines gate 3.
Brudepikene:
Kjolane: Frå Monsoon, kjøpt i London. Knallfine!
Sko: Foreldra har kjøpt
Strømpebukser: Foreldra kjøper.
Brudesveinane:
Dress, skjorte, slips: Er bestilt, pakken ligg i tollen.
Sko: Foreldra ordnar.
Blomster til bord og benkar: Mi venninne Ragnhild fiksar.
Brudebuketten: Hatt ein samtale med bukettbindaren, snakkast nærare i sommar.
Brudepikebukettane: Avtale med bukettbindaren.
Brystbukettar til brudesveinane: Avtale med bukettbindaren
Brystbukett til brudgommen: Avtale med bukettbindaren
Brystbukett til forlovaren: Avtale med bukettbindaren
Fedrenes brystbukettar: Avtale med bukettbindaren
Blomster til vigselsplassen: Hilde
Vigsla:
Vigsla vert i hagen på Årvoll gård. Alternativ viss regn: Festsalen i første etasje.
Inngang: Bruremarsj frå Valsøyfjord
Sang 1: Embreacable you med kor
Sang 2: True colors med datter og tre kusiner
Solosang:
Utgangssang: «The way I am»
Solist. I.S.
Pianist: Y.T.
El-piano: Må skaffe
Straum til El-piano: Kjetil fiksar
Diktlesing: Aurora/Agnete? Finne ut kva dei kan lese.
Vigslar: Ein frå Humanetisk forbund, booka.
Trykksaker: Møte med designer 26.02.
Vigselsprogram:
Invitasjoner: Ferdige! Svara tikkar inn.
Bordkort:
Festprogram/Meny:
Nettside: På plass! http://www.gundaogkjetil.no
Ringane: Henta!
Gravering: «han<3"ho" i min, "ho"❤"han" i hans.
Mottakelsen:
Velkomstdrinkar: Eplecider (alkoholfri) kjøpt, 120 flasker, 33 cl, Kir royal med rabarbrasirup, champagne må kjøpast.
Glass til velkomstdrinken: Kjøkkendamene ordnar, 140 stk
Bryllupsfesten:
Lokalet, booket og bekrefta: Årvoll gård
Kokkar: T.A. og E.B.
Kjøkkendamer: L.S. og søstra hennar
Meny: Er avtalt med kokkane, dei skal kome tilbake med nokre detaljar.
Vase til brudebuketten
Vaser til brudepikebukettane:
VIn: Albadi 2006 Reserva, 40 flasker kjøpt. Manglar ca. 10 flasker. Kvitvin: 36 flasker innkjøpt.
Øl:
Mineralvatn:
Kaffe:
Karaflar til vatn: Låne av S&K
Eingongsglas til baren: Må kjøpast, 0,4 til øl
Lamper i taket: K må fikse ledningar m/stikk
Pynt til borda: Blomar i flasker, telysglas i slipt glas,
Fotograf: Elgvin, bestilt
Bryllupsnatta: Heime
Kjøkemeister: Magnus! 😃
Skjenkeløyve: Treng ikkje. 🙂
Gjestebok: Kjøpt
Brudedansen: Barry White: Let’s stay together
Musikk til festen: Speleliste som gjestane er med på å lage i bloggen
Dukar: Har kjøpt 45 m duk, må faldast, fargast og strykast. 15 bord 130×130, dukane blir 3×2,70
Telysholdarar: Har ca. 40 stk.
Telys til borda: Nille, med blank kopp
Snacks: Må kjøpast
Velkomsttalen: Vi tek den saman
Takk for maten-talen:
Godteribuffet:
Fargar: Raudt, eggeskal, beige, ”gråpapir”, sjokolade
Meir kvitt enn raudt, raudt må ikkje dominere
Clementiner i stabel med raude band imellom
Høg glasvase med raudt pakkeband knytta i sløyfer med greier i
Initialar/”monogram” med stempla bokstavar
Gråpapirstrutar til popcorn og anna snop
Raude geléhjarte med sukker på
Sjokoladehjarte i lys sjokolade med bringebærkrunsj
Sjokoladehjarte i mørk sjokolade med blåbær
Sjokoladehjarte i kvit sjokolade med bringebær
Smash
Oransj ”cup” med mørkt fyll
Mozartkuler
Ferskenar
Sjokoladetrekt pæregelé
Kvite sjokoladekuler med kokos
Gelékirsebær
Sjokoladetrekt lakris
Kvite karamellkuler
Raude lisser i sløyfe/i krans
Candy canes
Kaker:
4 etg. ostekake, V og GA lagar.
Red velvet cupcakes, gjerne ganske små, former er kjøpt. Aurora lagar.
Hjarteforma shortbread, ”berlinerkransar”/shortbreadkringler med glasur – Eg lagar sjølv
Oreokake
Suksessterte (Heidi)
4 karamellpuddingar
Pikekyss – eg lagar sjølv
”Cake pops” – EK?
Hjelparar:
Pynte lokalet på fredagen:
Henting av blomster frå blomsterbutikken: Hilde
Pynte vigselsstaden:
Flytte stolar etter vigsla: Nokre sterke menn
Ansvarlig på mottakelsen : L.S.
Servitørar: 5 stk
Bartender: L.S.
Gaveåpnarar: P&N?
Rydde på natta:
Ta med gåvene heim:
Oppvaskhjelp. Bestilt via Årvoll gård
Renseri til kjolen min:
Skjemaer og div.
Sendt inn alt m/f.attest: Ok, mottatt godkjenning 01.08.2012
Etter bryllupet.
Takkekort
Spesialtakkekort til vigslar, kokkane, blomsterdama og sydama.
Gåve til kjøkemester, forlovarar?
Topics: 66Replies: 6978Topics: 201Replies: 19922Topics: 8Replies: 242Ja, det er veldig greitt at nokon har tenkt før ein! 🙂 Vi skal ha vigsla og festen på same plass, og sparer masse logistikk på det. Alle gjestane kan ta 31-bussen til bryllupet! (Og det må dei, for der er ikkje parkeringsplassar…)
Vi prøvde ringar i går, og etter ein prat i senga i dag tidleg virkar det som om kjæresten likte best dei som ikkje var på Thune. Vi var innom på Eger, der har Sandberg ein butikk som hadde ein spesialpresentasjon av bryllupsringar i går. Designaren Pia Artling var der, og ho hjalp oss med å finne nokre fantastiske ringar i hamra gull. Viss ein kjøper ringar der får ein også låne hårpynt, men eg veit ikkje kor aktuelt det er for meg. Men ein morosam idé, det er det!
Topics: 51Replies: 263Topics: 8Replies: 242No har eg oppdatert med planane våre for godteribufféen. Vi har mange barn mellom seks og seksten i bryllupet, og vi er sånn passe barnslege sjølve, så vi fann ut at det var perfekt etter middagen. Vi serverer ost med marmeladar til dessert ved bordet, og så opnar godteribufféen, slik at folk får fylt søttanna og festsalen vert tømt for folk. 🙂 (Bufféen skal stå i naborommet.)
Topics: 8Replies: 242Då er nettsida på plass, viss dokke vil kan dokke jo gå inn og bli litt betre kjent med oss. 🙂 http://www.gundaogkjetil.no
Topics: 4Replies: 16Topics: 8Replies: 242No er kjøkemeisteren spurt, eigentleg hadde han meldt seg frivillig, men vi hadde spurt ei anna og så måtte vi finne ut kva som var den beste løysinga. Godt med alt som er i boks!
Vi kom over flasker med veldig god eplemost på ICA MAXI på Bjølsen, 0,33 l for 8,90 per flaske! Det syns eg var ein veldig god deal, vi hadde sett for oss å kjøpe Ringi for 55 kr. per liter. No er det berre å jekke dei opp, sette eit sugerør i og så er det klart til servering. 😃 Eit vennepar av oss kom frå Sverige i dag, og hadde med ti vinflasker til oss. Veldig greitt, det er berre å byrje å samle…
Topics: 8Replies: 242Ja, no er det ei stund sidan eg har oppdatert. Vi driv på med dukane, han stryk faldar, eg syr og så fargar vi dukane sandfarga. Den store jobben (som også er hans….) er å stryke dukane etterpå. Han er ferdig med 3,5 dukar av 15. 🙂
Og i morgon skal vi ut og sjå etter sko til han, skomakar Asbjørn Dagestad har byrja salget, så der kan vi sikkert finne nokre fine brudgomssko.
Vi har også funne ut at vi ikkje treng skjenkeløyve, vi har fri bar. Og så har vi fått sendt ti flasker raudvin frå Sverige, og eg trur det er 20 flasker til som er på veg hit med nokre som kom frå påskeferie. Fine greier! 🙂
Topics: 201Replies: 19922Topics: 8Replies: 242Vi held på, no har vi kjøpt ringar, dei blir levert hit neste veke. Sandberg var veldig flinke, og dei har flotte ringar. I forrige veke hadde dei «open night», og -20% på alle varer, så vi sparte masse pengar! 😃
Undertøysturen til London var ein suksess, eg kjøpte ein lekker body frå Primadonna, og nokre bh-ar som bonus og. Brudepikekjolane og to flotte skjorter med ekstra lange ermar til kjæresten er også kjøpt inn. Han svettar, så han kjem til å bytte skjorte undervegs. Invitasjonane går ut i neste veke. 🙂
Topics: 8Replies: 242Vi held på, vinsamlinga går sin gang, og på laurdag dreg vi til Sverige for å handle det siste og å handle godis til godteribufféen. Bordpynten har endra seg litt undervegs, eg har samla på låge sølvplettstakar frå rundt omkring, og dessutan små sølv»asjettar» til å sette telys i glaskoppar på. Det trur eg blir fint! 🙂
Guttedressane ligg på tollageret, eg skal fakse over kvitteringar og det heile i morgon. Det blir spennande å sjå om dei er ok, og ikkje minst om dei passar! Sekstenåringen fekk seg Armani-kjole i Hellas med 70% rabatt, så ho er iallfall fornøgd med antrekket.
Topics: 64Replies: 1674Topics: 8Replies: 242No nærmar det seg! All alkoholen er i hus, eg skal overta to kartongar frå ein kollega som gifta seg i sommar om litt, dei går til nachspielet, trur eg. Guttedressane har komt, og dei var fine, og passa. Den største kunne ha vore litt større, men han skal konfirmerast til våren og må uansett ha ny då, så det gjer ingenting. Vi har laga prototype til vielsesprogrammet, og det som gjenstår er å teste om printeren vår vil godta det papiret vi har valt. Det er eit slikt nepalpapir, så den kan bli kranglevoren. Skjer det seg må vi finne eit alternativ. Bordkorta tenkte eg å få laga i kveld, og så vert dukane levert til rens i morgon. Alt syltetøyet som skal serverast med osten er klart, og rammene som skal stå på bordet og ha tekst inni med namnet på bordet er ferdiglaga. Det går framover! 🙂
Topics: 8Replies: 242Eg har funne ein stylist som vil hjelpe meg med å pynte lokalet! Eg har vore på leiting etter det, fordi eg sjølv ikkje er spesielt god på det visuelle, og det å få ting til å sjå flott ut med enkle middel. Ho er ein fjern bekjent, og har jobba mykje med lyssetting, og akkurat det med lyset i lokalet har eg lurt veldig på korleis eg skulle løyse. Men no tek ho ansvar for det, og det er berre så bra! Eg har mange lyskjeder, som skal henge rundt om i lokalet, og i tillegg har eg avlange, firkanta papirlamper som skal henge frå taket. Eg gler meg veldig til å lage dette lokalet om til eit stemningsfullt rom som er varmt, rufsete og flott på same tid.
Topics: 64Replies: 1674«Altgodt» wrote: Eg har funne ein stylist som vil hjelpe meg med å pynte lokalet! Eg har vore på leiting etter det, fordi eg sjølv ikkje er spesielt god på det visuelle, og det å få ting til å sjå flott ut med enkle middel. Ho er ein fjern bekjent, og har jobba mykje med lyssetting, og akkurat det med lyset i lokalet har eg lurt veldig på korleis eg skulle løyse. Men no tek ho ansvar for det, og det er berre så bra! Eg har mange lyskjeder, som skal henge rundt om i lokalet, og i tillegg har eg avlange, firkanta papirlamper som skal henge frå taket. Eg gler meg veldig til å lage dette lokalet om til eit stemningsfullt rom som er varmt, rufsete og flott på same tid.
Forventer tips innlegg på bloggen. 😃 Mange tips jeg venter på den bloggen forresten… Synes de er så kjekke å lese!
Topics: 8Replies: 242Dukane våre har vore ei lang historie. Dei måtte vere tre meter breie, for borda er 130×130. Då måtte vi kjøpe stoff, og vi oppdaga for seint at der vi kjøpte dei kunne dei også ha falda dei for 25,- pr. løpemeter. Så vi falda dei og farga dei sandfarga, for vi ville ikkje ha dei heilt kvite. Farginga gjorde at dei vart krølla igjen, så dei må strykast/rullast for å bli glatte igjen. No har vi ringt rundt og sjekka prisar, og det kostar rundt 2500 å få gjort dei klare! Så no har kjæresten meldt seg frivillig til å stryke iallfall nokre av dei, slik at det ikkje blir så dyrt. På mandag får vi sjå kor mange vi har igjen som ikkje er klare, og så får vi levere dei som er att til vaskeri. Vi har ikkje gjort det enkelt for oss sjølve! ](*,)
-
ForfatterInnlegg
- You must be logged in to reply to this topic.