Må-gjøres-lista vår til 9.august 2014
Hjem / Bryllupsforum / Våre bryllupsforum / Må-Gjøres-Lister / Må-gjøres-lista vår til 9.august 2014
Hjem / Bryllupsforum / Våre bryllupsforum / Må-Gjøres-Lister / Må-gjøres-lista vår til 9.august 2014
- Dette emnet har 20 svar, 6 deltakere, og ble sist oppdatert 10 years ago av
Gitte.
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 10Replies: 48
Snart er det bare 4 mnd igjen til dagen vår! Begynner sjølvsagt å lure på om det er noko me har glømt, men satser på at det i så fall dukker opp 🙂
Må gjøres-lista vår!
Grønt: i orden
Blått: påbegynt
Gjester: 82 voksne + 10 barn blir invitert
Forberedelser:
Budsjett – satt opp, budsjettet er ikkje absolutt, men me prøver å holde oss innanfor
Festlokale – booka torsdag 7.august til sondag 10.august
Vigsel – Rauland kyrkje booka, kamerat av oss vier oss
Blogg – ligger ute, oppdateres undervegs
Papirarbeid:
Invitasjonar – ferdig trykte frå Kortshop, sendt i posten og levert ut i april
Kyrkjeprogram – ferdig!
Festprogram – ferdig!
Forlovarerklæring + prøving av eksteskapsvilkår – er sendt inn, fått tilbake, ok!
Bordkort – bestilt hos Kortshop
Kort til koldtbordrettene + kakene – like som bordkorta, men skriver for hånd, bestilt hos Kortshop
Bordplassering – klar!
Bordkart – påbegynt, lages heilt ferdig fredag, i tilfelle avbud like før
Bruden:
Forloverar – mine to søstre
Kjole – omsider ferdig omsydd, henta og henger på soverommet! 🙂
Slør – kjøpt
Sko – kjøpt
Smykker – har øredobber eg har tenkt å bruke, armbånd eg har fått av min kommende som eg kommer til å bruke og smykke eg har fått av veslesyster
Sminke og hår – er så heldig at min kommende manns kusine vil ordne dette 🙂
Undertøy – kjøpt
Veske – kjøpt, og har ei liste over kva eg bør ha i denne
Brudgommen:
Forlover – barndomskamerat
Alt av klær, sko osv ordner brudgommen sjølv – dette har han no handla! Mangler kun eit par svarte sokker, så er det meste i boks 🙂
To stk gode gutter:
Dress (bukse, skjorte, vest og jakke) – er kjøpt til begge to 🙂 Svigermor tar seg av oppsyinger når det nærmar seg meir
Sko og sokker – kjøpt Converce-sko til begge to, kjøpt svarte sokker til begge to
Blomster:
Bukett – bestilt!
Knapphullsblomstar – bestilt 3 i vanlig størrelse til brudgom, brudgommens forlovar og brudens far + 2 mindre til to gode gutter
Blomster til pynt i kyrkje (ute og inne) + i festlokale – nabo pynter ute og inne i kyrkja, bestilt blomar til pynt i festlokale
Kyrkja:
Tid og stad – Rauland kyrkje er booka
Prest – ein kamerat av oss
Musikk – inngang + utgang + salmer + instrumentalinnslag så godt som bestemt, har hatt kontakt med organist og gitt beskjed om våre ønsker
Tekstlesing – har to venner som skal lese
Forbønn/velsignelse – har to venner som skal vere med under velsignelses-/forbønnsdelen
Mottakelse og middag
Velkomstdrink – bestemt
Ansvar for å samle gjestene før brudeparet kjem – brudens far
Middag – koldtbord, varmmat leveres klart til middagen starter, resten ordnes kvelden før + formiddagen (har hjelp på kjøknet)
Drikke – bestemt kva, handla inn, dei som skal hjelpe på kjøknet ordner klart
Velkomsttale – i boks
Toastmaster – brudgommens kusine har sagt ja 🙂
Kjøreplan for toastmaster – har snakka med toastmaster om våre ønsker, resten styrer ho 🙂
Takk-for-maten-tale – ein av brudgommens onkler
Alle barna som er invitert som er under 10 år (totalt 8 stk) skal få noko å pusle på med under middagen – alt ferdig
Pynt:
Vase til brudebukett – ok!
Vaser til borda – skal låne, avtalt
Lys – kubbelys m/pynt, kjøpt inn alle, påbegynt pyntinga av dei
Dukar – bestilt frå vaskeri (40,-/duk), må hentes nokre dagar før
Kaker og kaffe:
Bryllupskake – avtalt, blir levert kl 19.00 og monteres av ho som baker den, pris 3500,- for 4 etg
Andre kaker – i boks bra med kaker (meir enn nok..!)
Fruktfat – kjøper inn frukt, dei på kjøknet deler opp og legger på fat
Kakespader – i orden
Hjelp før, under og etter festen:
Ordne i stand lokalet torsdag og fredag – foreldre, søsken, m.m.
Hente blomster (kven og når) – vi henter blomster til pynt i lokalet på fredag, søster henter bukett + knapphullsblomster lørdag
Sette fram blomster i kyrkja (inne + ute) og ta med blomstene til festlokalet – nabo + tante & onkel
Dele ut kyrkjeprogram – to gode gutter m/hjelp av enda ei kusine av brudgommen
Hjelp på kjøknet – har 5 stk, dette holder
Åpne gåver – avtalt
Spesielt den siste mnd har gått veldig fort…! Sjølv om masse allerede er grønt eller blått, er det sjølvsagt ein del igjen også…! Ser du noko eg har glømt? Sei gjerne i frå 🙂
Frøken
annonseTopics: 10Replies: 48Topics: 16Replies: 319Frøken
annonseTopics: 10Replies: 48Topics: 10Replies: 48Me fekk til ein tur til Ikea innimellom jobbing i påska, så nå er resten av kubbelysa som skal brukes som pynt kjøpt. Kjøpte også inn enkle vannglass (me syns at dei som var i lokalet var litt for «institusjon» over…) som skal stå på borda i tillegg til vinglassa. (102 vannglass for kr. 150,- var absolutt å leve med) Kjøpte også inn glassflasker som skal stå på borda med vann og eplemost.
Dagene og vekene går fort! No er det faktisk snart bare 100 dager igjen – gleder meg 🙂
Frøken
annonseTopics: 16Replies: 319Topics: 10Replies: 48I helga fekk me prøvd og kjøpt dresser til to stk gode gutter!
Lys grå dresser med vest og kvite skjorter. Eldstemann fekk også med seg eit slips han ønska å bruke, mens yngstemann har ønska seg sløyfe. Det skal me få tak i etterkvart.
Dei blei kjempefine begge to 🙂
Topics: 201Replies: 19922Topics: 10Replies: 48Topics: 10Replies: 48Tida går fort, og no er det under to mnd igjen til dagen vår! 🙂
Til laurdag skal eg innom blomsterbutikken som skal levere brudebuketten, knapphullsblomstene og kanskje nokre fleire blomster til pynt rundt omkring! I tillegg skal vinmonopolet kontaktes for bestilling av vin iløpetav uka, så fort eg er ferdig med denne ukas nattevakter.
Ellers kommer det vel nok av ting på to do-lista vår ukene framover. Selvfølgelig innimellom ferie-planer og andre planer. Dessuten kjøpte me oss hus på fredag!! Så 1.oktober skal me overta eit nydelig hus som me er så veldig glade for at me fekk inn høyeste bud på – gleder oss masse 🙂
Så det er masse som skjer framover! Ikkje bare forberedelser til vår store dag i august, men også salg av leiligheten me bor i nå.
Masse å glede seg til framover 🙂
Topics: 10Replies: 48Nå er det under fem uker igjen til dagen vår!
Har vært på tur til Danmark i helga, kjøpte med 2 liter cognac og 2 liter likør på vei tilbake, så då er det også i boks.
Har gått i mange uker og tenkt på kjolen min. Skal bare leige kjole, men dei i salongen har vært så snille at dei lar meg sy om kjolen fra glidelås til snøring, pluss nokon andre små justeringer. Tok mål i begynnelsen av mai, og skulle høre fra dei igjen når kjolen var klar til prøving igjen i løpet av 2-3 uker sa dei. Ukene gikk og eg hørte ingenting, og når eg kontakta dei godt ut i juni sa dei at kjolen enda ikkje var levert til syersken – blei litt stressa, kan du sei…! 🤦♀️ Men snakka med dei før helga, kjolen var nettopp kommet tilbake frå syersken, og eg skal prøve den førstkommende onsdag! 😁 Skal da ha med meg dei to herlige gutta til min kommende mann, dei er snart 7 og snart 10, og gleder seg masse til bryllupet, dei også 🙂 Skal vere heime med dei den dagen, så da må dei bli med, det er kosleg 🙂
Ellers er det jo alltids ein del småtteri som gjenstår. Skal heldigvis ha ferie dei tre ukene før bryllupet, min tilkomne skal ha ferie to uker før, så da har me bra med tid på å ordne ein del da også 🙂
Topics: 10Replies: 48Idag prøvde eg kjolen min første gang etter innsying og omsying – veldig stas! 🙂 Var superfornøyd med korleis den blei foran, men den er sydd for liteinn, så må syes inn meir…! Veldig glad for at eg maste litt på dei, sjølv om det fortsatt er over fire veker igjen.
Ellers er vin henta på polet nå, duker til alle bord og fat til koldtbord kjøpt inn. Det kom salt- og pepper-bøsser fra Kina i posten forrige veke og serviettene er på plass. Stort sett alt utenom mat er i boks – det kjennes godt ut å nærme seg meir og meir 🙂 Gleder meg til å få nøkkelen til lokalet torsdag om fire veker og begynne å sette fram bord, pynte, dekke på, pynte lokalet, sette fram bordkort, osv… 🙂
Frøken
annonseTopics: 10Replies: 48Då er kjolen nok ein gang prøvd, og fortsatt er den ikkje heilt bra..! 🤦♀️ Har ikkje stressa nevneverdig med den kjolen egentlig, men nå kjenner eg at eg stresser litt. Tre veker igjen på laurdag, og fortsatt er det ein fold som legger seg frampå magen når kjolen er på. Damene i butikken sier litt forskjellige ting om kva dei trur er grunnen for at den folder seg, men regner med at dei får ordna det. Skal innom igjen torsdag om ei veke, om den er ok då, skal eg få den med meg heim.
Ellers stresser hverken eg eller min kommende noko særlig foreløpig. Me har kontroll på det me trenger å ha kontroll på så langt. Blir sikkert stress på slutten, men det har ikkje tatt oss enda iallefall 😉
Topics: 10Replies: 48Då er stort sett heile lista grønn! 😁
Me har både kontroll og roa, og me stresser ikkje – foreløpig 😉
I morgo formiddag drar me til min heimstad, torsdag får me lokalet, så då blir det å sette fram bord, dekke på og pynte lokalet forhåpentlegvis ferdig torsdag. Det blir selvfølgelig ein del å ordne torsdag og fredag, då me og våre foreldre skal ordne koldtbordet sjølv (bortsett frå den varme maten som blir levert ferdig varm like før me skal spise). Men me gledar oss! Både til å ordne i stand og til sjølve dagen 🙂
Topics: 66Replies: 6978Topics: 10Replies: 48Då er alt under kontroll, eg har vore innom festlokalet for siste gong i kveld, veit at dei som har blitt delegert oppgåver til har kontroll og har planer om ein ganske så roleg kveld før sminking og ordning av hår imorgo kl halv ni og vielse kl tolv! 🙂 Me gledar oss masse!! 🙂 Har fortsatt ikkje skjønt at det er allerede imorgo dagen er, men det går vel tidsnok opp for oss 😉
Topics: 66Replies: 6978Frøken
annonseTopics: 1Replies: 14Topics: 10Replies: 48Då var dagen vår over, og me sitter igjen med mange mange gode minner!
Me sitter igjen med mange, mange gode minner! Me slappa av og nøyt heile dagen og alt som skjedde. Den var heilt perfekt: akkurat passe høgtidleg og akkurat passe avslappa!
Det var heilt fantastisk å kunne gå opp midtgangen i kyrkja til veslebror Sveinungs vakre gitarspilling og Gunhilds nydelege fiolinspilling. Og alt det andre som skjedde i vigsla var heilt perfekt! Etter vigsla skulle me fotografere, og me hadde bekymra oss litt for at det skulle regne denne timen – men eg trur eg fekk slik ca to eller tre dråpar i sløret, ellers holdt det seg heilt til me var godt uti middagen. Veslesyster Synne tok mange fine bilete av oss og me fekk tatt mange av dei heime på garden eg har vokst opp på. Gjennom heile middagen og resten av kvelden hadde Marte, kusina til Jørgen, full kontroll som toastmaster (toastmadam!) – ho gjorde ein fantastisk jobb! Foreldra våre m.fl hadde gjort ein formidabel jobb med koldtbordet – me fekk masse skryt for maten! Og innimellom turene bort til koldtbordet for å forsyne seg med meir mat, fekk me høyre mange fine taler. På kjøknet stod fem venner av mine foreldre og hadde stålkontroll på både koldtbord, kakebord og alt anna – fantastisk godt å ikkje bekymre seg det minste for noko verdens ting. Bryllaupskaka blei levert like før den skulle spises – den var heilt fantastisk både for øya og for munnen! Utover dagen og kvelden fekk me snakka litt med dei fleste gjestene, sjølv om me sjølvsagt gjerne skulle snakka masse meir med alle sammen. Me var igjen i lokalet til siste gjest hadde reist, blåste ut stearinlysa før pappaen min slukka og låste. Og sidan vigsla var allerede kl 12, var me på plass på hotellrommet før midnatt. Og med det var ein fantastisk og perfekt dag over.
Legger ved ein del skrytebilder 🙂 Alle bildene er det veslesyster Synne Hansen Seltveit som har tatt.
Bilde når eg akkurat har fått på meg kjolen før pappa kjem og henter meg
Eit stort øyeblikk for meg! Gjekk opp midtgangen mens veslebror og ei venninne spilte «Brudemarsj från Jämtland» på gitar og fiolin, eit fantastisk øyeblikk!
Ein kamerat av oss var prest og via oss, kjempefint!
Våre herlege forlovarar
Rauland kyrkje i bakgrunnen
Heime på gården til foreldra mine, der eg vokste opp, for å ta bilder
Som dere ser ein del mørke skyer, men fekk kanskje to eller tre dråper i sløret, og lyset var perfekt for å ta bilder!
Litt tulleri må til 🙂
Og til slutt eit bilde av den fantastiske kaka vår!! Sjokoladekake med ulik krem i alle kakene – fantastisk nydeleg å sjå på og fantastisk å spise! 🙂 Den ser ikkje så stor ut på bildet, men det var veldig stor! Og halvparten av den ligger i fryseren, klar til å nytes på dagen om litt under eit år 🙂
-
ForfatterInnlegg
- You must be logged in to reply to this topic.