Spent bride to be
- Dette emnet har 6 svar, 7 deltakere, og ble sist oppdatert 15 years ago av .
-
Frøken
annonse
- You must be logged in to reply to this topic.
Hjem / Bryllupsforum / Og andre ting… / Hei og Velkommen! / Spent bride to be
Hjem / Bryllupsforum / Og andre ting… / Hei og Velkommen! / Spent bride to be
Hei hei alle saman!
Eg er ei 22 år gammal jente som har funne mannen i mitt liv og han har lyst til å gifte seg med meg 11.11.2011! Ein dato han kan hugse som han seier og eg på mi side elskar romantiske haustbryllup.
Me er begge studentar, men eg er ferdig utdanna journalist no i juni, mens min kjære skal studere i et par år til. Heldigvis er min kommande mann god på å spare pengar, mens eg må haldast litt meir i tøylene. Hihi
Eg har nettopp byrja planlegge bryllupet vårt, sjølv om eg som mange andre jenter har hatt mykje klart i hovudet i mange år allereie:)
Me snakka så mykje om å gifte oss og vips så hadde me datoen klar og det utan at mannen hadde fått gjennomført det frieriet han ville gi meg! Difor blir bryllupet haldt hemmeleg i nokre månader til, heilt fram til min kjære får gått skikkeleg ned på kne og gitt meg den ringen han har plukka ut:)
Skjønningen min insisterer nemleg på å gjennomføre eit perfekt frieri og det kan eg jo like!
Den einaste som er innlemma i våre planar er ho som skal vere min forlovar og det var verkeleg godt å få sagt det til nokon for eg er rimeleg gira;) Håpar å få ut litt energi rundt bryllupet her inne også!
Gler meg til å følge med her inne:)
Hei anmar! 😃 Litt sent ute jeg – som alltid!
Ville også hilse deg velkommen, og gratulerer med avgjørelsen! Blir enda mer spennende selvfølgelig når dere tar bort hemmeligheten
Bra dato dere har valgt! 😉
Du gleder deg til å følge med her inne, vi gleder oss til å følge deg her inne 😃
Velkommen til bryllupsvenner.no!