AnetteS
Startede emner: 1
Forumsvar totalt: 9
Har forumrolle: Deltaker
Forumsvar Lagt Inn
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 1Replies: 9
Takk for gode tips, stavangerpar, hejorgen og bluebell !
Eg trur at mange har erfart som meg at det kan bli lang ventetid før brudeparet er på plass, og at det kan opplevast som litt kjedeleg. Dette handlar ikkje om at ein MÅ underhalda vaksne folk, men at det kan vera kjekt med eit morsomt «bryllaupsmiddagvorspiel» eller oppvarming om ein vil. Dette trur eg det vert sett pris på, både for folk som ikkje snakkar saman so ofte eller ikkje kjenner kvarandre frå før. Tek med meg tipset om «brudeparquiz» iallfall, og satsar med det på at me unngår at folk syns det tok for lang tid før maten kom på bordet.. 🙂
Topics: 1Replies: 9Det er veldig mange ulike sko frå Rainbow Club. Eg har kjøpt eit par av merket Else, type Metropolitan:
http://www.rainbowclub.co.uk/collection.htm?brand=Else&productID=131&Accessories=
Prøvde dei fyrst i brudebutikken, men bestemde meg for å kjøpa dei på elegantsteps.com. Kosta omtrent halve prisen av det dei skulle ha i butikken.
Fordelen med skoa (forutan at eg syns dei er lekre [smilie=hihi.gif] ) er at dei har halv høg hæl. Eg kan godt gå på høge hælar, men akkurat på bryllaupsdagen syns eg det var praktisk med nokon som var litt lægre enn vanleg høgd.
Bakdelen er at dei berre er produsert i heile størrelsar. Eg er str. 37-38 i vanlege sko, som regel str. 37 i pensko. Eg prøvde begge deler i butikken, og syns egentleg at ingen av dei sat perfekt. Fann likevel ut at det var betre med litt for store sko enn litt for små. Skal prøva å få lagt noko inni dei slik at dei sit betre på, evt. oppsøkja ein skoforretning. Mitt tips er iallfall at du prøver dei på i butikken før du evt. kjøper dei ettersom det kan vera litt vanskeleg med størrelsen.
Topics: 1Replies: 9Me skal ha 3.etg. kake, ein av kakene skal vera i sjokolade, då eg ikkje likar marsipan.
Syns absolutt at kvit marsipan er det «stiligaste», og lettast å kombinera med kvit sjokolade. Men har høyrt mange som seier at den kvite marsipanen ikkje er noko god, at den liksom er stiv..
Smaken er jo forskjellig, men som sagt så et eg ikkje marsipan. Syns de at den kvite marsipanen er like god som den gule?
Topics: 1Replies: 9Me inviterte ca. 90 til middag (85 kjem) og 60 til kaffi i tillegg. Blir vel totalt 135 på festen, med smått og stort. Har eit stort budsjett, som allereie har slått sprekker på enkelte av postane 😉 får gjera opp status når det nærmar seg.
Ang. å invitera born, eg får stadig spørsmål frå folk rundt om det var so lurt å invitera nevøar, små søskenbarn og barn av (større) søskenbarn. «Blir jo støy under middagen», «tek oppmerksomheita frå brudeparet» osv. Men me har ein stor, flott familie på begge sider, me er veldig glade i born (sjølv om me – hadde so nær sagt heldigvis – ikkje har nokon sjølv som me må ta hensyn til på den store dagen), og alle har god kontakt. Syns det hadde vore noko som mangla om dei ikkje var bedne til vår store dag. Mogleg eg ser anleis på det etterpå, hehe.. men akkurat no gler eg meg over at alle er med på denne store familiefesten som ventar oss. 😀
Kva vurderingar gjorde de i forhold til å invitera barn ?
Frøken
annonseTopics: 1Replies: 9Pølse og pommes frites ! 😀 ikkje veldig sunt, men enkelt og noko som alle likar – og som småttissane kan eta på eiga hand. Blei tilbode pasta penne, kjøttsaus og brød, men trur det berre hadde blitt griseri over heile finstasen 😉 satsar på at foreldrene er samde med oss..
Topics: 1Replies: 9Eg er veldig tradisjonell ift. dette, so eg skal ha med meg min gode pappa opp kyrkjegolvet.
Men eg syns ofte at det kan bli litt mykje fokus på brura og litt lite fokus på brudgommen når ein gjer det sånn, so eg fekk min kjære og presten med på eit lite kompromiss..
Me skal ha ein større prosesjon inn, og den skal gå i denne rekkefylgja:
1. Korsbærar + prest
2. Brudgom og brudgommens forlovar
3. Brura sin forlovar + evt. ringbærar
4. Brud og brudens far
Dette er det opning for i liturgien til Den norske kyrkja. For oss var det rette måten å gjera det på, men dette er nok veldig individuelt.. 😉
Topics: 1Replies: 9Me har
vigsel kl.12.30
båt kyrkje – hotellet kl.13.30-14.00
fotografering kl.14.30
middag kl.16
kaffigjestene kjem kl.21
avslutning kl.01.30 – 02.00
Då må eg vel vera på plass hjå frisøren litt før kl.09.
Vår filosofi med å ha det so tidleg var at ettersom alt er so kostbart og gjennomplanlagt, ville me få so mykje tid som mogeleg saman med gjestene våre. Skal ha båt mellom kyrkje og hotellet for å få litt «åleine-tid» med nærmaste familie og nokre vener. Blir ca.85 gjester til middag og 135 totalt til kaffi, og forventar ein del talar undervegs.
Egentleg kunne brura hatt vigsel kl.11 for å enno betre tid, hehe.. Dagen skal jaggu nytast etter all denne planlegginga! 😂
Topics: 1Replies: 9Me er:
Anette & Anette-mannen 😉
23 & 28 år
Bur i Bergen
Ho: snart jurist, han: snart kjøpmann
Hobby – ho: trening, sunt kosthald og politikk, han: bilar, trening. Begge: samvær med familie og vener 😀
Ingen skjønne born endå (eller på ei stund 😉 )
Trer inn i den lukkelege ektestand med stor fest i Indre Sogn den 24.07.2010
… og gler oss veldig ☺ 🙂
Topics: 1Replies: 9Eg fall heilt for desse når eg fekk dei på i brudebutikken:
http://www.elegantsteps.co.uk/products/Else-Metropolitan-Wedding-Shoes.html#
For å spara litt cash kjøpte eg dei frå denne internettsida i staden. Det er ikkje toll på sko som ein bestiller frå utlandet, so satsar på å spara minst 500 kr. [smilie=aiwebs_008.gif]
-
ForfatterInnlegg