anmar
Startede emner: 11
Forumsvar totalt: 43
Har forumrolle: Deltaker
Forumsvar Lagt Inn
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 11Replies: 43
Livet kan vere så urettferdig!
Kan skjøne at de med menn som har hatt kreft kjenner litt ekstra på det, ja…
Heldigvis blir mange friske, men det er jo ein lang veg igjen å gå i kreftforskninga…
I alle fall utruleg trist [smilie=aiwebs_003.gif]
Håpar på eit mirakel!
Topics: 11Replies: 43Topics: 11Replies: 43Eg har same «problemet» med min brudgom, du kan lese tråden her:
Eg fekk mange gode tips til alternativ for min kjære:)
Men hugs på at det er din og hans dag og kva dei andre syns bør ikkje ha noko å seie.
Vil jo ikkje at våre kjære skal kvi seg heile dagen for noko som trass alt ikkje er så viktig.
Ein må våge å vere litt utradisjonell og i ditt bryllaup har ingen andre noko dei skulle sagt på det 😀
Lukke til!
Topics: 11Replies: 43Frøken
annonseTopics: 11Replies: 43Eg kjører på eg og syng ein song på bryllaupsfesten! 😀
Min kjære elskar denne songen med Lisa Nilsson, så kva med den?:
http://www.youtube.com/watch?v=XTAb925RRns
Eller hadde den heller vore fin til solosong i kyrkja (mi syster skal vere solist i kyrkja. hehe, kan ein sjå at mamma og pappa møtte kvarandre i eit songkor? 😉 )?
Synspunkt? 😂
Topics: 11Replies: 43Topics: 11Replies: 43Topics: 11Replies: 43Me giftar oss ikkje før i november til neste år, men har allereie fått bekrefta vigsle 11.11.11 klokka 15.30 😀
Så det er berre å kontakte kyrkjekontoret, slik at du har det under kontroll syns eg 😉
For meg er det i alle fall noko av det fyrste ein bør tenke på, så kan ein liksom byrje å planlegge skikkeleg, for tenk for ein skuffelse viss du har planlagt masse på den datoen så er det fullt i kyrkja! [smilie=aiwebs_003.gif]
Topics: 11Replies: 43Topics: 11Replies: 43Frøken
annonseTopics: 11Replies: 43Skjønar problemet ditt! Her står det om kor vidt me skal ha med søskenbarn eller ikkje.
Me har nemleg nesten berre små søskenbarn sidan me er eldst i kvar vår familie, så tenkte at me enten måtte ha med alle borna eller ingen born. Utanom dette er det nemleg berre mi veslesyster som er under 18 år.
Trur me har bestemt oss for å ha onklar, tanter og dei få søskenbarna me har som er over 18 år.
Satsar på at tanter og onklar kan få barnevaktar til borna sine 😉 Me er rundt 65 personar med den gjestelista me har no, for me har begge store familiar 😀
Eg syns at store bryllup er fantastiske, men så er det det med pengane og så kan det kanskje bli litt upersonleg?
Eg trur du skal setje deg ned med din kjære og bli einige om kven de skal invitere.
Treng jo ikkje vere enten eller, i eit bryllup så skal ein jo invitere dei ein vil dele den store dagen med 😛 Eg er ikkje så for å invitere berre for å invitere 😉
Topics: 11Replies: 43Topics: 11Replies: 43Herlegheit, blir heilt sjokkert eg!
Skulle tru at folk syns eit bryllup er ei koseleg hending i staden for å påpeike kor mykje ein «øydelegger» ved å legge bryllupet til fellesferie eller jakta 🙄
Nei, dette er den eine dagen i livet kor folk godt kan tilpasse seg til dykkar dag og dei visste jo om det i god tid, så det er kjempedumt at folk skal skape seg sånn!
Einig med dei andre her, dette er uhørt…
Topics: 11Replies: 43Topics: 11Replies: 43Takk for alle gode svar! 😀
Eg og syns eigentleg at mannen skal tale, men når det gjeld min kjære så har han ekstremt fobi mot å snakke i forsamlingar, noko som er noko han slit med til vanleg også.
I slike tilfeller syns eg ikkje det er rett å presse nokon, for dagen hans kjem jo til å bli ødelagt grunna dette [smilie=aiwebs_003.gif]
Men han har veldig lyst til å gjere noko og hans forslag er at han skriv talen og ser det litt an på sjølve dagen 😛
Viss han føler det går bra så held han talen sjølv, viss ikkje så får han forlovaren (som absolutt ikkje er redd for å snakke framfor forsamlingar) til å lese talen.
Heilt greit for meg, for det er så viktig for meg at det skal bli ein fantastisk dag for han og 😀
Topics: 11Replies: 43Eg skal fjerne mitt mellomnamn (sidan eg allereie har tre namn, så eg fjernar det siste leddet i dobbeltnamnet mitt), behalde mitt noverande etternamn som mellomnamn og ta hans etternamn.
Har tenkt lenge på om dette er rett fordi eg syns det er noko drastisk å fjerne ein del av fornamnet mitt, men eg var bestemt på å ta hans etternamn og det var uaktuelt å ha heile fire namn.
Fann ut at eg hadde større forhold til mitt noverande etternamn enn til mellomnamnet mitt sidan eg aldri nyttar dette mellomnamnet til vanleg, blir ein lettelse å bli kvitt det eigentleg 😂
Heldigvis var det greit for mine herlege foreldre, for det er jo trass alt dei som har gitt meg dobbeltnamnet, så lenge dei framleis får kalle meg det frå tid til anna, hihi 😉
Høyrer med til historia at eg skulle ønske at min kjære ville ta mitt etternamn som mellomnamn og behalde sitt som etternamn, for eg syns det er så romantisk å saman heite noko som ingen andre i verda heiter, men det kjem ikkje på tale for min kommande mann 😂
Og våre etternamn som passar så perfekt ilag og! Men men, eg skal ikkje tvinge han, men me har hatt nokre feministdiskusjonar i heimen rundt dette spørsmålet 😂
Han er sjølvsagt veldig glad for at eg vil ta hans namn og innrømmer at han hadde blitt litt skuffa viss eg ikkje hadde gjort det, men å ta mitt er uaktuelt ja! Tradisjonane sit djupt i oss nordmenn enda, hihi 😉
Topics: 11Replies: 43Eg bryr meg heller ikkje om kva gjestane våre har på seg, eg går utifrå at dei er i stand til å kle seg fint og passande 😀
Men å komme til kyrkja etter bruden er heilt uhørt i mine augo! Fy skam seg! 😂
Kanskje me må skrive eit forbod mot dette i innbydinga? 😂 Hihi, neida!
Frøken
annonseTopics: 11Replies: 43Tusen takk for svar alle skjønne damer! 😀
Eg har veldig lyst og trur det kan bli fint viss eg ikkje blir for rørt (er jo det som er faren som mange nevner 😂 )
Er vant til å opptre så trur ikkje det blir noko problem, men er noko med at det kan bli for sterkt, hehe.
Må nok tenke litt meir på det, men We are man and wife er jo berre nydeleg og eg hadde blitt litt skuffa viss eg ikkje gjorde det 😂
Valets kvalar folkens!
Topics: 11Replies: 43Topics: 11Replies: 43Me skal brenne cdar som bror min skal administrere spelinga av.
Lagar ulike album med tema som dansing, bryllupsfesten, nachspiel osv.🙂
Billig og grei løysing sidan me og har større forhold til songane med dei originale artistane.
Håpar du finn ei løysing som passar for deg og din kjære!
-
ForfatterInnlegg