Me har og vigsle klokka 15.30 og er eigentleg nøgd med det sidan me giftar oss på ein fredag:)
Veit ikkje heilt om me skal ta fotograferinga før eller etter, men fristar lite å la han sjå meg i kjolen før kyrkja, så vil helst ta bilete etterpå.
Tenkte å ha middagen 18 me og og vil at kaffigjestane skal komme mellom 21 og 22 (må tenke litt over dette;)).
Tenker og å la gjestane dra til lokalet mens me blir fotografert, så får dei tid til å mingle litt og til å ta seg ein velkomsttår:)
No roa du meg litt ned med tanke på bryllaupsgjestane:) Det er jo den eine dagen som er vår dag og eg veit jo at dei vil feire oss, så det skal nok gå bra!
Eg er frå Stord og min kjære er frå Uskedalen. Me skal gifte oss på Stord etter god gammal tradisjon:) Ser du kjem frå nabobygda til min sambuar!
Er så vakkert der inne:)
Kan forstå at datoen er fristende som dato i seg selv men en sur november fredags ettermiddag med sludd og nordavind fra alle kanter synes jeg ikke hørtes fristende ut 😂
Hihi, nei det er noko med det, men eg har alltid synast at haustbryllaup er så utruleg romantiske, så det passar meg midt i blinken:) Eg er mykje meir av ei haust og vinterjente enn ei sommarjente, så eg er kanskje litt rar der;) Så syns eg at det var ekstra koseleg at min kjære valgte datoen fordi han ikkje er så oppteken av det store flotte bryllaupet som eg er. Han kunne ha gifta seg berre med oss to til stades han, mens eg er nok litt meir tradisjonell;)
Trur eg går for 15.30, ja, så får dei gjestane som ikkje rekk kyrkja heller kome til middagen:D