idakat
Startede emner: 14
Forumsvar totalt: 120
Har forumrolle: Deltaker
Forumsvar Lagt Inn
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 14Replies: 120
Har vore lite aktiv ein stund no, men her er ei litt meir oppdatert liste! Hovudforlovar til brudgommen er ordna, og Save the Date-korta er komne! : D No kan me snart byrje å sende ut, treng berre verte fullstendig einige om kven som skal inviterast og evt. kontakte nokre av dei som ikkje vert invitert og fortelje dei kvifor dei ikkje vert invitert, etc. ^^
Topics: 14Replies: 120«Jasbon» wrote: 398,- for velkomstdrink? :whops:
OJ, eg ser at det var kanskje ein voldsom pris. Eg trur eg har skrive feil her? Eller så har eg misforstått. Dette må eg sjekke opp i… I så fall så er vel det for alle gjestane. Men eg tvilar, er sikkert eg som har tasta grådig feil.
Topics: 14Replies: 120Det er heilt sant! Og til å vege opp for det så har du heilt tydeleg ei fantastisk mor som har forma deg til den du er på sitt vis. Så dét burde vere meir enn godt nok. Sjølvsagt, ja takk beggje deler om det går, men når faren din kanskje ikkje verkar å vere verdt det, då er det godt å ha ei skikkeleg god mor! Gratulerer så mykje med valet! : ) Eg tykkjer det er eit godt val! ^^
Frøken
annonseTopics: 14Replies: 120Eg er eigentleg veldig stolt av mellom- og etternamnet mitt, så å byte er eigentleg ei byrde for meg, men eg likar tanken på at me deler namn. Sjølv om mine foreldre har forskjellege etternamn så har eg beggjes namn, så dét er ikkje problemet. Han har berre veldig lyst til å dele namn med meg. Så når eg spurde (litt fornærma) o meg då skulle ta HANS namn, kvifor ikkje han kunne ta MITT namn, så sa han at han GJERNE ville ta mitt namn, men til mellomnamn. Eg tykkjer framleis mitt etternamn funkar betre som etternamn enn mellomnamn, men han verka veldig bestemt og eg orkar ikkje lage ballade utav det. Eg skal nok klare meg. Men endringa vert størst for meg. Mellomnamnet hans startar uansett på same bokstav, eg må byte bokstavar og rekkefølgje. Huff… dette har irritert meg, faktisk, men kva gjer ein vel ikkje for sjelefrenden sin! ; )
Topics: 14Replies: 120Det er svært hyggjeleg å lese at du, på tross av din fars ikkje fullt så nære forhold til deg, har vald å spørje mor di i staden. Det er trass alt det eg tykkjer er viktigast om ein skal gjevast bort; det må vere nokon som faktisk viser at dei bryr seg om deg! Så det er eit ærleg og godt val av deg, tykkjer eg! : )
Topics: 14Replies: 120Fann ein salong som tek 1900,- for Brudepakke(sminke+hår+prøvetimer). Høyrdes bra ut, så vidt eg veit. Alt av pynt er inkludert i leigeprisen, har forhøyrd meg med hotellet. Så har fått ganske mange svar på spørsmåla mine. : ) Takk for svar, troya, set vildig pris på det. Er på buss no, men skal lese betre igjennom når eg kjem heim. : )
Topics: 14Replies: 120Topics: 14Replies: 120«EyjaogEirik» wrote: Men ho var ikkje fra Island ho då??
Eg vurderer jo å behalde mitt dottir etternavn som mellomnavn og ha mannen sitt etternavn etterpå. Men det syns mamma ikke noe om, siden jeg er islandsk mener hun jg burde følge islandske tradisjoner ift. dette.
Er jo litt enig, og syns det blir rart å bytte…
Nei, ho var ikkje islandsk, men valgte sjølv å ta namnet. Det har jo, som sagt, også vore tradisjon i Noreg for mange, mange år sidan så vidt eg veit. Og ho er veldig ur-norsk, kan ein seie.
Eg tykkjer at du skal gjere AKKURAT som du vil. Eg har fått for meg at du kanskje har nokre meiningar om dette som du ikkje legg heilt vekt på fordi du er så usikker, men du gjer det veldig tydeleg at mor di har sterke meiningar om saka, og det er bl.a. det som kan gjere ein usikker. MEN eg tykkjer at sjølv om mor di seier noko, så skal du gjere som du sjølv føler for om det verkeleg er det du vil. Det er DU som skal leve med namnet. Så om du vil dele namn med mannen din så ville eg gjort det om eg var deg. Men eg er veldig nær mor mi og veldig glad i henne, så eg veit at det kan vere vanskeleg å ikkje ta i betraktning hennar meiningar, spesielt ettersom eg rett og slett respekterer mor mi så mykje. Eg vert ofte usikker når ho seier imot meg, fordi eg veit ho har opplevd mykje meir enn meg og kan mykje meir om – ALT – enn det eg kan. Men ho kan ikkje ta alle mine avgjerder, og det kan heller ikkje mor di. Ingen vonde tanker mot mor di, eg er sikker på at ho berre ynskjer det beste for deg. Men valet er uansett ditt. Er ikkje sikkert eg hjalp deg noko særleg no, men i mine auge er det viktigaste at du faktisk er fornøgd. For det er faktisk du som skal «leve med» det valet. Så eg håpar du finn ut korleis du vil løyse problemstillinga. Eg heier på deg!
Topics: 14Replies: 120Frøken
annonseTopics: 14Replies: 120Eg var servitør i eit bryllaup. Ei veldig norsk jente som hadde det meist tradisjonsrike bryllaupet eg har sett; bunad, krone(krune, som me kallar det) og brureferd over fjorden med felemusikk til. Veldig, veldig fint bryllaup! Etter ho gifta seg tok ho ikkje berre namnet til mannen, men ho tok *****dottir til mellomnamn. Det er utruleg kult, tykkjer eg! Det var jo ein stund litt tradisjon i Noreg også med slike namn, om ikkje eg hugsar feil. Så det er ikkje «feil» av deg om du ynskjer ditt islandske etternamn. Og om du i tillegg vil ha namnet til mannen din så kan du jo kombinere? : ) Eg har alltid tykt det står respekt av dei som beheld sine eigne namn eller som tek eit så tradisjonsrikt namn til seg. Det ligg jo faktisk mykje tradisjon bak eit -son og -dottir-namn, tykkjer eg! : D
Topics: 14Replies: 120Topics: 14Replies: 120I dag skal eg til min aller fyrste skuletime som lærarstudent. Pedagogikk og elevkunnskap, trur eg faget heitte, om ikkje eg hugsar feil. EG SKAL LÆRE OM ELEVER OG SÅNT FOLKENS! 8D Det vert spanandes, men har ikkje lese dei to kapitla eg skulle fordi eg fekk stipend i går, medan eg var på jobb. Så eg har ikkje kjøpt bøkene. Haha (a) får kjøpe dei viktigaste i dag 8D
Topics: 14Replies: 120Topics: 14Replies: 120Mannen har spurd eine kompisen om han vil vere forlovar, og fekk eit tydeleg JA (noko me hadde forventa, ettersom han var ganske bestemt på å vere forlover frå byrjinga av. : P) og no er Save the Date-korta bestilt. : ) Eg sette dei på langsam bestilling, ettersom eg ikkje gidd betale masse ekstra for å få dei neste veke når eg kan betale mykje mindre og få dei i September, litt nærare då me faktisk skal sende dei ut. : 3 Ting byrjar å ta form heer! : D
Topics: 14Replies: 120Sidan du advara meg mot å booke henne før eg visste noko meir sjekka eg ut bileta på Facebook. Men så kan det hende at dette er dei «stoltaste» bileta, for alt eg veit. Men eg tykte ikkje det var SÅ gale?
https://www.facebook.com/media/set/?set=a.261919990544154.61710.261883673881119&type=3
Men så kan det jo fort vere meir mellom kvart fine bilete, då. Noko som ikkje er FULLT så fantastisk..
Topics: 14Replies: 120Hei Troya. Eg veit det, for det var du som tipsa meg om henne. ; ) Eg vurderer å spørre ei venninne som eg veit tek gode bilete om ho vil vere fotograf. Då får ho vere med i bryllaupet + at eg tenkjer ein god, ikkje så veldig dyr vin i takkegåve ville vore passande. : ) Men gje gjerne beskjed ang. bileta. Det ville jo vore frykteleg dumt om det er det einaste alternativet eg har til fotograf om venninna mi ikkje vil ta bilete. : o Og takk for kompliment på lista, sjølv tykkjer eg gjerne meir kunne vore ordna, men så snart me har litt penger å gå på (og eg har ordna det eg må av pensumliste, etc. etc.) så vert det litt meir som er fullstendig ferdig! : )
Frøken
annonseTopics: 14Replies: 120Topics: 14Replies: 120Eg også har ganske stor familie(ikkje SÅ stor, men ganske.) medan han har berre kjerna+ litt meir. Me ville ha eit lite bryllaup, så difor har me bestemt oss for at han får invitere sine. Eg gidd ikkje invitere tantene og onklane mine ein gong. Søskenborn? NEI! Er berre ein av mine som får kome, og det er mesit fordi han er like mykje ein ven som eit søskenborn for meg. Elles har me vald næraste familie og vener. Me vil heller ikkje ha nokon under 15, dei yngste vert vel 16 eller 17.
No har me ikkje så mange unge å invitere, så valet var enkelt, men eg kjenner meg også hjartelaus for å ikkje invitere onklane og tantane mine. Men saken er såpass enkel at det er faktisk de som skal betale. Du har LOV å vere litt bestemt og seie at det ikkje er i ditt ynskje å ha eit så stort bryllaup. At de faktisk ikkje har råd til å ta dykk råd til det. Eller ynskje. Det er ikkje for å vere slem, men for å vere praktisk. Det skal i alle fall eg sei til mine. Om dei vil feire med meg er det greitt, men det må verte etter sjølve dagen. Det er ikkje fordi me ikkje bryr oss om dei, men fordi det faktisk er våre dagar. : ) Så eg tykkjer ikkje du skal ha dårleg samvit (sjølv om eg har det kvar gong eg tenkjer på det) ettersom det er DE som skal gifte dykk. Det er DYKKAR fest, og eg trur det er enklare for dykk å ordne ein fin dag for gjestane om de føler dykk som best mogeleg. Å bruke meir enn ynskjeleg av penger gjer ikkje noko for den kjensla. : )
Topics: 14Replies: 120Eg var i eit bryllaup der brura var kledd i kvitt heile dagen. Men ho byrja med ein STOR brudekjole i kyrkja, og når ho kom til sjølve festlokalet SPRANG ho ut, heiv av seg den store kjolen, reiv ut sløret og slengte seg inn i ein mykje mindre, knelang kjole. Funka fint medan me venta på gjester som ikje var i vigsla og gjester som måtte ordne ting og slikt. : ) Så lengje du føler for det er det det rettaste i heile verda. : D
(Og berre slik at dei veit da; da kan hende eg har ordlagt meg litt brutalt her i dette innlegget, men det er berre fordi eg tykkjer det er moro å sjå henne for seg å faktisk HIVE av seg kjolen og RIVE sløret av. : P Ho såg minst like strøken ut når ho kom ut igjen!)
-
ForfatterInnlegg