idakat
Startede emner: 14
Forumsvar totalt: 120
Har forumrolle: Deltaker
Forumsvar Lagt Inn
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 14Replies: 120
Eg skal prøve å formulere meg så enkelt som mulig. Eg har også sett av annonsa til ein norsk skreddar (Det vert sjølvsagt mykje dyrare, men då klarar eg nok i alle fall å forklare meg. Me får sjå, om eg føler at kommunikasjon mellom skreddar og meg ikkje fungerer og vedkommande IKKJE SKJØNAR NOKO SOM HELST seier eg berre NO THANK YOU SEE YOU LATER. ; P)
Topics: 14Replies: 120Topics: 14Replies: 120Eg har fått alt av kake-, meny- og drikkelister. Men eg skal spørje om alternativ, om me kan ta med kaker sjølv, om det er mogelegheit for ei ordning der gjestane sjølv kjøper det dei vil ha, etc. Menyen er eg framleis usikker på, eg lurer på anten buffet eller 3-retters(obviously) men eg veit at med 3-retters må eg setje av to menyer, ein for vegetarianarar og ein for oss «kjøttetarar», og det kan fort bli litt stress? Er det då kanskje betre og bestemme seg for ein buffetmeny og satse på at dei har noko for einkvar smak? (Dei plar vel det?)
Dette er spørsmål eg også må stille ved neste mail. Takk! : )
Topics: 14Replies: 120Eg har fått drikkeliste tilsendt på mail, men eg hadde jo forsåvidt tenkt til å spøje om det var mogelegheit for andre typer drikke, ettersom eg veit min forlovede ikkje likar vin/champagne. Me skal ha alkohol, ja. På det meiste må me betale over 500,- om eg ikkje hugsar feil, men eg kan jo forsåvidt også sende dei mail(når eg har fått svar) om det finnes andre alternativ for drikke, om det går an å ha ein annan ordning. At folk evt. kan kjøpe sjølv? Det tykkjer eg hadde vore meir praktisk. Evt. kva det måtte koste om det er mogelegheit for fri bar? Takk for at du minna meg på det! ^^
Frøken
annonseTopics: 14Replies: 120NO har eg sendt mail til hotellet og spurd om MASSE! Nokre av tinga(kanskje det var alle, også?) eg spurde om var:
[*]Konkret svar på innhald av lokalleige
[*]Mogelegheita for svart/kvitt-pynta bord, evt. om me kan avlevere eigne serviettar
[*]Mogelegheita for eigne bordkorthaldarar, kaketopp, etc.
[*]Mogelegheita for å ha borda i ein hestesko, og kor stort lokalet er i forhold til ynskja bordkart
[*]Om det i så tilfelle er mogelegheit for gåvebord også
[*]Mogelegheit for gåvekorger på toaletta
[*]Tilbod på hotellrom for gjestar langveis frå
[*]Tilbod på hotellrom for brureparet for bryllaupsnatta
Eg håpar på å få nokre nyttige svar, sånn at eg veit litt meir konkret kva eg kan byrje å tenkje på. : ) (eg føler at eg no har brukt ordet KONKRET utruleg mykje. Det var eit ofte gjenteke ord i mailen eg nettopp sendte. : P)
Topics: 14Replies: 120Det såg utruleg fint, hyggeleg og vellukka ut! Og eg må berre få seie; DEN KJOLEN😍 Altså så flott! Såg for meg korleis han hadde sett ut om han var raud og kvit (som er mitt ynskje for kjole) og eg smelta litt innvendig! Du ser nydeleg ut på desse bileta, og spesielt i den kjolen! Kledde deg utmerka godt! Hjarteleg overstått tillukke med den tilsynelatande flotte dagen! ^^
Topics: 14Replies: 120Tillukke og velkomen! Uansett kor lengje det er til vil eg seie at du gjer lurt i å ta litt interesse i dette forumet. : ) Det er MANGE gode tips og tanker, og kanskje du finn ein eller fleire idear og liknande som du VERKELEG likar. Då er det godt å ha hatt ein plass å sjå! ^^ Håpar du finn det nyttig her! : D
Topics: 14Replies: 120Topics: 14Replies: 120Takk for svar, troya! : ) Min kjære vil gjerne ha ein vanleg dress som han kan bruke seinare, så det ser me på både på Dressmann og andre plasser. Du bur i Bergen, om ikkje eg hugsar feil? Kvar var det du prøvde kjoler? : ) Eg veit ikkje kvar det ligg brudesalongar her i Bergen. : o
Eg kan jo sende ein mail til hotellet på måndag, tenkte fyrst å skrive ned ALT eg lurar på ang. arrangementet der, korleis dei ordnar det, om dei har mogelegheit til å ordne det etter mine ynskje etc. – så eg kan skrive ned det også sende mailen på måndag når eg har fått gått over det med min mann (skal jobbe i kveld og i morgon tidleg, og eg tenkjer at kontakt med hotellet skal vere i begges interesse. : D) Foreløpig har me framleis under 50.000 på budsjettet, og slik det ser ut sit me igjen med mykje meir enn det budsjettet viser til til slutt. : ) Så dét er jo ein lettelse! : ) Eg fann også eit godt tilbod på «Brudepakke» hjå ein frisør i Loddefjord, med både hår, make-up og prøvetimer til 1900,- – eg reknar med det er eit godt tilbod? Har sett at det fort kan koste både 3000 og 4000,- for slikt! Så om me har ekstra penger å bruke, brukar me nok dét på frisørtimer til mannen og meg. : ) I tillegg har eg funne ein fin, enkel tiara og brudebukett+brystbukett som me kjem til å kjøpe om me sit igjen med mykje meir enn forventa. : )
Topics: 14Replies: 120Frøken
annonseTopics: 14Replies: 120Jau, eg har sett på tilbod på printsaker, kjoler, dress, skor til brudgom, etc. I tillegg meiner eg at hotelltilbodet me fekk er noko av det beste me kunne fått. Me er svert nøgde med det og har spart 2400,- på det. Men takk for svar. : ) Eg skal sjå kva for alternativ me kan finne rundt om. : )
Topics: 14Replies: 120På sidene for borgarleg vigsel i Bergen står det at ein kan ha med gjester til at 16 sit og nokre få til står. Har nok sjekka det, det skal du ikkje bekymre deg for. Prisen på hotellet stemmer nok. Eg skal ikkje bruke 20 000 på alt mitt, mitt vert nok ikkje dyrare enn 10 000, om ein gong dét. Det er dessutan ikkje dét denne tråden handlar om, han handlar om kva eg kan ordne no. Takk for svar, men det er ikkje alt som har vorte nemnd no som er relevant for tråden (det er min feil også) og eg tenkjer at kanskje me skal kome tilbake til det tråden handlar om.
Topics: 14Replies: 120Eg skal meist sannsynleg ikkje ha ein bukett. Me må ha taxi pga svigerfar som er rullestolbrukar. Elles tek me buss dit me må. No ligg budsjettet på 3400 i rest, ettersom me fekk kutta enda fleire stader. Så budsjettet er ordna no. Må berre leggje inn dei reelle prisane, der eg håpar me sparar enda litt, ettersom me har skrive opp max-prisar på dei antenke prisane i budsjettet.
Forresten korta eg ned frisøren til 2000, då eg fann ein frisør litt utanfor sentrum som tok 2000 for hår, make-up og prøvetimer. Sånn at det er aktuelt med mindre eg finn ut at eg vil ordne det sjølv likevel. Er greitt å ha alternativa, er ikkje særleg flink med sminke.
Topics: 14Replies: 120Budsjettet låg i stad på 67.000, men no har eg fått det ned på under 50.000. Eg har kutta ned på brud(fant ut at eg har nok smykker og undertøy til at det ikkje trengs. I tillegg har eg skor.) – eg veit FRAMLEIS ikkje kor mykje det kostar med sminkør og frisør, det er difor eg spør. Eg har aldri fått håret mitt fiksa og ansiktet pynta for penger. Eg fiksar og sminkar meg sjølv som regel. Me skal beggje klippe oss før sjølve dagen. Men kanskje i staden for å ha prøvetime også ein time, så kan me spør om tips til korleis å ordne håret sjølv? Spare på å gjere det hjå profesjonelle, berre gjere det heime før me reiser?
Eg har kutta ned gåver til hjelparar etc. til maks 250 per pers. Forhåpentlegvis vert da mindre. Kjolen min skal meist sannsynleg bestillast frå jjbride. MAnnen skal ha ein vanleg dress, ikkje noko superfancy. Einaste hjå han som kanskje kan koste uhorveleg mykje er skorna. Men eg tenkjer at han som har så vanskeleg for å finne passande skor kan få lov å bruke litt ekstra på da ein gong i blant!
Me har ikkje så mange gjester, så me brukar maks 13000 på mat til ca. 24 stykk. Musikk tek me med sjølv, eg skal ikkje ha slør eller tiara eller strømpeband. Eg har funne body til 300, meir treng eg ikkje. Kanskje kan eg til og med bruke bodyen eg allereie har (med mindre eg vert MYKJE mindre, då må eg ha ny). Me skal spørje ei venninne og ein kompis om dei kan fotografere og filme mot at dei vert invitert i bryllaupet. (Dei vert invitert likevel, då, men om dei hadde ynskja å gjere såpass for oss hadde me begge vorte veldig glade!)
Eg veit ikkje, me skal sjølvsagt prøve å spare alt me kan der me kan. Me ser på dei billegaste løysingane overalt. Budsjettet vårt er sett opp i VELDIG grove tal, me har sett opp max-beløp for kva me er villige til å betale. (Altså er sminke og frisør både for klipp til han og meg + fiksing for han og meg + sminking for meg.) Men om me kan sleppe unna med berre ein klipp og nokre tips hadde da vore flott!
Topics: 14Replies: 120Etter tips har eg teke motet til meg og utvida lista. Me har framleis mykje planlagt, men det er også ein del me ikkje har fått gjort endå! : ) Tenkte om nokon ville kommentere noko så er det opent. MEN DET VERT IKKJE BLACK AND WHITE-TEMA FOR GJESTENES KLEDNING, slik at det er sagt. Dét vil eg foretrekke at de ikkje kommenterer, eg har skjøna poenget no. ; )
Topics: 14Replies: 120Me har dato for alt, me har festlokale til den datoen, og me har budsjett. : ) I alle fall eit nesten ferdig eit, eg er framleis ikkje heilt sikker på nokre få av punktene der, kva som er sannsynlegast å bruke. Om du har nokre idear til sannsynlege prisar kan du gjerne hjelpe meg? Dette er det eg ikkje har prisar på endå:
– Vielseslokalet (så vidt eg har skjøna det er det gratis for borgarleg vigsel?)
– Betjening og Tips (me skal ha det på hotell, er det då vanleg å gje tips til betjeninga?)
– Duker (Igjen; hotellet ordnar vel dette?)
– Servietter til resepsjonen (Vert på da meiste 40 gjester uansett. Det er det høgaste talet me har, og er ganske sikre på dette talet. Om noko vert me kanskje 50.)
– Vigselsmann (Er dette naudsynt ved borgarleg vigsel? Altså å skaffe han sjølv?)
Dette er det einaste me ikkje har sett noko budsjettert pris på. Elles har me kanskje overdrive på nokre av punktene. Det finnast ting eg er svært usikker på, som eg berre har gitt ein pris:
– Undertøy (Har sett opp 1500,- her)
– Borddekor m/u blomar (ettersom det er på hotell reknar eg med at dei ordnar dekor?)
– Foreldregåver / Gåver til hjelparar / Konfransierar / Etc. (500,- per pers?)
– Bilder / Video (Me har eit venepar, kjærester, der jenta fotograferer og guten filmar. Me vil invitere dei og spørje om dei vil stå for film og foto på dagen. Dei vert inviterte til alt i så tilfelle, og vil i tillegg få ein liten gåve som takk, tenkjer eg.)
– Sminke og frisør (Eg har VERKELEG ingen aning, og har sett opp 5000 her…?)
Berre å kome med forslag. Me ynskjer da så billeg som mogeleg, og har planlagd eit budsjett på nærare 50 000,- – forhåpentlegvis får me ordna da om kjolen min er billeg og me finn ein vanleg findress til Michael. Eg er heller ikkje så veldig opphengd i at alt er nytt, eg har mange fine smykke og øyredobbar o.l., og skor treng eg heller ikkje kjøpe nye. Slike ting. Musikk ordnar me sjølv (speleliste, om me skal ha noko i vigselen vert da vel vener/familie av oss.)
–
Topics: 14Replies: 120Takk for svar frå beggje to! : )
Alle tips kjem godt med, Martine, sjølv om eg nok kjem til å ordne litt ting på eiga hand før eg tek kontakt med mamma. Eg er berre redd ho skal snakke meg ut av det fordi eg er «alt for ung» – sjølv var ho på min alder, og har allereie fortald meg at ho ynskjer at me ventar med born og bryllaup til me føler det passar. Eg tenkjer at BORN skal me fyrst få når me er utdanna, men bryllaup – om me samlar opp penger no, så kan me vel like gjerne slå til med ein fest neste sumar?
Eg skal tenkje på det, sjekke ut nokre lister, finne ut kva eg kan bestille no og kva eg må vente med. Eg burde nok stikke innom ein butikk for brudekjoler, men tingen er at eg er på slaking, og det som ikkje passar meg no passar kanskje betre om eit halvt år. Så EIGENTLEG burde eg prøve rundt den tida eg skal bestille kjole, eller kva?
Men eg tek tipsa dykkar med takk! Hadde ei liste som ligg på mac’en til forloveden, men den er på «oppfriskning» så eg håpar lista er der når han kjem att. Der er det overfylt med lenker, forslag, gejsteliste, bordkart, o.l. – så når me får samla opp litt penger og funne ut kva me vil ha så bestiller me etter kvart. Alt sånt smådill som pynt og liknande.
Det einaste me eigentleg ikkje kan gjere noko med endå er klede(om me skal ha passande klede, forhåpentlegvis går me ned nok til at klede no er for store om eitt år), mat, drikke og kaker. Det er hotellet som ordnar, og det vert nok ikkje diskutert før litt nærare datoen.
Frøken
annonseTopics: 14Replies: 120Er det nokon som har forlsag til kva eg kan gjere no medan det framleis er god tid? Eg skal snart bestille Save the Date-kort, og skal sende dei ut seinast i Desember, tenkjer eg. Forhåpentlegvis er me HEILT sikre på kven me vil invitere i Oktober, slik at me kan sende ut i Oktober/November, for å vere sikre på at alle får beskjed i god tid.
Eg har allereie byrja å planlegge kjole. Eg har teikna han, leitt fram bilete og ringa rundt det eg vil ha. Eg har skrive forklaringar på korleis eg vil at han skal sjå ut og fungere, og med nokre spørjande forslag. Så den skal eg sende til skreddarar(anten jbbride eller noko anna) når det nærmar seg nyttår. Me har festlokale, så me veit kvar festen skal vere, me har bestemt oss for borgarleg vigsel så me treng berre avtale med tingretten.
Kva kan me gjere no? Eg tenkjer at etter kvart når me får litt penger til bryllaupet, så kan me bestille bordkort, bordkorthaldarar og øskjer å ha gjestegåver i? Eg tenkjer også på å byrje å sjå på sko til meg sjølv.
Også har eg sett litt på papira me må skrive under på, kva vil «prøving av ekteskapet» seie? Det står vel noko om at det er gyldig i 4 månader? Tydar det at om eg sender inn dokumenta no så går prøvinga ut om 4 mnd, altså må me sende inn på nytt seinare? Må eg vente med dette til det er 4 månader til bryllaupet? Korleis avtalar ein tid med tingretten? Eg har verkeleg INGEN peiling på dette, og eg skulle gjerne spurd mor mi, for eg VEIT at ho og far min vart gift i tingretten i Bergen, men eg veit OGSÅ at ho kjem til å ha mange, mange meininger om dette, og eg vil difor gjere så mykje som mogeleg sjølv, slik at ho skjønar at eg verkeleg, verkeleg vil dette og klarar å ordne dette ganske godt sjølv med hjelp av Michael.
Mykje babling, her, men eg tenkjer at når det står eit forum til disposisjon på internett så må eg bruke det for ALT det er verdt, og hittil har eg teke til meg ganske mykje av det som har vorte sagt her. Kva no? : )
Takk for at de held ut med meg, og eg ville vorte kjempeglad om nokon hadde nokre tips til meg! Link til lista mi ligg i tidlegare innlegg. : )
Topics: 14Replies: 120(Det vil altså sei at medan eg ventar på at tida er inne skal eg øve meg på å teikne, slik at eg kan prøve å visualisere mine ynskjer betre enn å sende tre bileter med separate deler og prøve å skriftleg forklare ståa. Heller sende med ein teikning i tillegg og skrive SLIK TAKK! : D)
Topics: 14Replies: 120DET HAR SKJEDD! : D Det tok si tid, men no har det endeleg skjedd; eg har nærast bestemt meg for at om eg ikkje finn noko som fell meir i min smak fram til jul, så skal eg bestille kinakjole! Eg har funne den overdelen eg vil ha, eg veit akkurat korleis eg vil endre på han, eg har overskjørtet og underskjørtet eg vil ha, og veit akkurat korleis dét skal vere, og eg har lagra bilete og skrive ned notater til meg sjølv (og evt. skreddar) på kvart av dei tre bileta med kva eg ynskjer forandra, kva eg likar, kva eg absolutt ikkje vil ha, etc. : D Så nooooo – jau, eg kan sjå for meg denne kjolen, og eg elskar han nesten like høgt som min kommande mann! DET er kjolen som seier JA! : D
-
ForfatterInnlegg