idakat
Registreringsdato: 16. jul 2012
Startede emner: 14
Forumsvar totalt: 120
Har forumrolle: Deltaker
Startede emner: 14
Forumsvar totalt: 120
Har forumrolle: Deltaker
Tusen takk for svar! Jau har ei liste. Me har bestemt oss for kva for invitasjonar me skal ha og alt anna av printsakar (alt i same design) så når me har penger skal me bestille det. Då tenkjer eg at me skriv type:
«Kjære ____________(namn)
Du er invitert til bryllaupet vårt,
Ida
og
Michael
25. Juli 2013
Me vil gjerne at du kjem til __________(del av festen, altså vigsle/festmiddag/kake)
Kl. __:__(tidspunkt for nemnde selskap)
ADRESSE
ADRESSE
Med vennleg helsing
Ida og Michael.»
Ikkje heilt sånn, men noko liknande, slik at me han skrive inn namn og stad og tidspunkt og sånt sjølv. Også har eg mange alternative kjoler. ; )
Eg er så GLAD for at eg har fått arbeid igjen! Nettopp ansett som ringevakt i bufellesskap, no jobba eg i går og i dag, og skal jobbe fram til måndag! : D Håpar eg får enda meir etter kvart, vil verkeleg få litt penger som eg kan setje av til bryllaupet! : D Er så gira no som me har lokale ^^
Me skal sjå nærare på det, om eg vil ha brudebukett eller ikkje. Eg kan sjå for meg at det går fint utan, men så vil eg ikkje ha slør eller tiara eller noko heller, så eg lurer på om berre kjole vil verte litt «keisamt» – i så fall går me for systera til svigerinna mi, som er blomsterdekoratør. : )
«Roger» wrote: Ser nesten ut til at dette forumet burde bli kalt «Scrappeforumet» i stedet :p
Det var kva eg tenkte også idet eg scrolla nedover diskusjonen! : )
Sjølv har eg berre scrappa ein gong, og det var ei jul. Det var dyrt og eg var ikkje særleg flink, så late oss håpe at eg får da betre til i år, slik at eg kan scrappe invitasjonar og liknande til bryllaupet!
EG driv med skriving. Eg skriv dikt, songar, noveller, serier (lengre historier med ikkje fullt så lange «kapittel») og liknande. Det har vorte mindre av i det siste, men no skal eg til Kristiansand på treff i helga, og gler meg til å sjå folk eg her lese av og diskutert med og kommentert på og liknande. Samstundes som eg gruar meg, ettersom eg ikkje har vorte noko betre sidan sist treff for fem år sidan og sidan eg berre kjenner to av dei som er på treffet frå før, og sist eg traff dei var, you guessed it, fem år sidan!
Men tilbake til hobbyar: Eg driv også med musikk. Eg har spela i skulekorps i 10 år; 2-3 av dei spela eg kornett og resten har eg veksla mellom fyrste-, andre- og bass-trombone. Eg har i år spela gitar 8-9 år, om eg hugsar rett, så klart, men er ikkje kjempeavansert på det. Eg spelar som regel rolege songar med fine melodiar og sånt. Også syng eg. OG det har eg gjort heile livet, sidan før eg kunne prate. Eg har vorte nominert til «Drømmestipend» tidlegare, og vann eit Knstnarstipend på 3000,- som gjekk til keyboard. Altså kan eg spele litt piano også, men berre veldig basic. Ikkje særleg avanserte greier.
Dei som vil høyre kan jo stikke innom YouTube: http://www.youtube.com/idahow – eg har mange videoar ute der, men ingen særleg nye, ettersom eg ikkje har hatt kamera på lengje.
Elles så spelar eg Spore(Mac), LEGO Harry Potter(Wii) og Alice: Madness Returns(PS3) når dét måtte freiste. : ) (Også er eg kjempeglad i Zelda- og Mario-spel til Wii : D)
Lilla trur eg vert mykje finare, då det er ein litt «gråare» rosa, om du skjønar.
Eksempel på lilla og grå saman:
http://weddings.theknot.com/Real-Weddings/purple/results.aspx?type=3&colors=purple,gray
MEN eg tykkjer sikkert det fordi i motsetning til rosa så er eg faktisk veldig glad i lilla. : ) Det er sjølvsagt opp til deg, men eg trur at ein veldig knall rosa vert litt voldsomt. Noko litt mørkare / ljosare ville derimot fungert fint. : ) (TRUR eg)
Eg trur ikkje det vert for mykje. Sjølv skal me ha svart og kvitt med litt raudt, og sjølv om rosa og grått kanskje er litt meir originalt(eg veit ikkje, for å vere ærleg, er ikkje vand med fargetema) og rosa LANGT I FRÅ er min favorittfarge, så trur eg det vil verte fint. : )
Eg fann forøvrig ein link der eg tykkjer rosa og grått er brukt veldig fint om ein annan. : )
http://boards.weddingbee.com/topic/pink-grey-wedding-decor-suggestions