idakat
Startede emner: 14
Forumsvar totalt: 120
Har forumrolle: Deltaker
Forumsvar Lagt Inn
-
ForfatterInnlegg
-
Eg ser eg er veldig seint ute å svare her, men eg fann nokre bilete (på Google, min beste ven! : D) av korte bryllaupsfrisyrer. Du kan jo sjå, sjølvsagt skjønar ikkje Google kva eg meiner heilt når eg skriver «short hair» for det kom opp nokre med litt lengre hår. Men du kan jo sjå kva du tykkjer om nokre av dei. Eg tykte eg såg nokre veldig fine (og det var godt du minna meg på da, for eg også har nokså kort hår, så eg burde byrje å tenkje på korleis eg vil ha håret til bryllaupet sånn at eg ikkje skaffer meg ein grisestygg frisyre til den tid! : P)
Me vil helst ha litt midt i byen så det er enklast for dei som kjem langveis frå å kome seg til hotell og lknande. Me skal ha 16 middagsgjester. Til saman har me mellom 36 og 40 inviterte. Og me ynskjer med alkohol, men me veit ikkje heil korleis me gjer det endå. Spørs kva me har råd til. Forhåpentlegvis får vi ei felles venninne og ein felles ven til å ta bilete og filme for oss. : ) Kor mykje kostar desse lokala på det meiste? Er det mykje meir enn 10 000, eller er det omkring der? Eg er eigentleg veldig open for alle typer tips. Me vil helst ha eit litt fint lokale, då, ikkje nødvendigvis veldig moderne, men så lengje det er ei slags stemning i rommet. : ) Kom med alt de har av tips! : D
Finnast det ikkje nokon som har, skal eller kjenner nokon som har/skal gifte seg i Bergen og som veit om litt nyttig, praktisk info iht lokale, konditori, frisører/sminkører o.l.? (Det hastar ikkje så mykje, men alt eg kan få unnagjort no er jo eigentleg ein god ting! : P)
Frøken
annonseNll problem! Det var faktisk BERRE gøy å leite opp, for det var så mange fine kaker at eg skulle ynskje eg var litt rikare og litt nærare den bestemte datoen så eg kunne byrje å kontakte kondtorer o.l. om kaker og vise dei! : D (Då tenkjer eg hovudsakleg som STOR bryllaupskake. ; P)
Eg måtte sjølvsagt google, eg også, så du har sikkert sett desse bileta før, men eg tykkjer dei var superfine, så fann ut at eg må leggje dei ut (Om eg får da til, dam-dam-dammm!)
Desse fann eg på søket «wedding cake with red roses», men tenkte eg skulle sjå om eg fann litt andre rose-kaker etterpå. Unnskyld om da vert alt for mykje (men dei var UTRULEG fine!)
Så du er berre naturleg flink? : D Det er så greitt når ein berre ER flink til noko ein gong i blandt! Eg kjem sjeldan borti det, men min forlovede seier at når eg verkeleg vil ha noko gjort så gjer eg da skikkeleg. Så om eg VERKELEG vil få invitasjonane fine – så kanskje eg kan få da til også? : ) Kanskje eg skal øve meg til jul, kjøpe utstyr til å scrappe julekort o.l. – dine kort vart i alle fall superfine! : D
Eg må sei, eg likte spesielt «coveret», kvitt med eit raudt band og bilete av roser. Veldig, veldig lekkert! : D Du er flink! ^^ Du er kanskje glad i scrapping? : 3 Sjølv har eg alltid hatt veldig lyst til å prøve litt skikkeleg scrapping, men har aldri teke meg råd eller tid til det. Får sjå om ikkje eg får til noko til mitt eige bryllaup, då! : )
Frøken
annonseNei, da hadde eg heller ikkje rekna med. Er kanskje berre eg som tykkjer det kjennes ut som om eg har vore her i evigheiter. Så vidt eg kan telje er det ikkje stort meir enn topar dagar +/- eg har vore her. Hehe, utolmodig! : D Vil at alt skal skje i mitt tempo, og spesielt no når me har byrja å planlegge bryllaup så vil eg gjerne sjå den datoen saman med alle andre sine! : D Beklager at eg maser, Trone! (Og Stian og Gitte!)
No har eg teke eit val og vald vekk mine tantar og onklar. Eg kan sjå meg at om eg skulle berre invitere nokre tantar og onklar hadde det vorte dei som bur nærast der eg er vakse opp, rett og slett fordi eg såg dei oftare, men å ekskludere dei andre berre fordi dei bur andre stader vert for dumt, så eg kjem til å seie beklager, men det vart berre for mange. Eg inviterer ingen tanter eller onklar, men han skal få lov å ha foreldra til tremenningane sine på lista. : ) Så kan eg invitere litt fleire vener, noko eg gjerne vil, ettersom dette er vener som har stått meg veldig nære i løpet av ei viss periode i livet mitt. : ) Men takk for tipset, eg skal nok følgje det! : )
«Kates» wrote: (…)
Bør kanskje få somlet meg til å legge ut bilder av mine også, men de er ikke i nærheten av så fine som dine!
No har eg ikkje mykje eg skulle ha sagt, ettersom EG hadde tenkt å ha vanlege vistaprint-invitajonar fram til eg såg denne tråden, men Kates, sjølv om du kanskje føler at dine invitasjonar ikkje er «like fine» som f.eks. Jabson sine, så tykkjer eg at kvart brurepar har sitt eige preg på invitasjonane sine, og difor har alle invitasjonar ei eiga sjarm. Dessutan(om du er som meg) så kan ein fort verte litt «mett» på eigne prosjekt, fordi ein ofte jobbar så mykje med dei at dei til slutt vert så «vanlege» og «opplagte» for ein sjølv. Eg er sikker på at invitasjonane dine er kjempefine, minst like fine som alle invitasjonane som er lagt ut her! : ) EG har i alle fall vorte inspirert til å gjere litt meir utav det enn berre å bestille og vente på post. ; )
Eg må seie eg tykkjer det ser kjempeflott ut, og håpar det er mogelegheit for meg å ta litt inspirasjon frå dette? (Eg skal ikkje ta ALT, men berre endre litt på talerekkefølgjer o.l. – eg veit jo sjølvsagt ennå ikkje kven som vil tale, ettersom me berre er på skrive-ned-stadiet(altså har me eit år på oss å endre det som evt står der me har skrive ned. : D)
Det var mange fine kjolar her, og eg må sei, Ingvbo, eg DIGGAR kjolen din! NOKO så originalt og stilig, samstundes fint! : D Sjølv har eg ikkje kjøpt kjole endå, men eg har nokre som eg tykkjer er superfine i kikkerten. : ) Gratulerer til alle på tråden med kjempefine kjoler! : )
Me håpar og trur at me skal få til å ordne eit bryllaup 25. Juli 2013. : D Så me prøver å ordne med penger. Me skal ta tida fram til jul for å sjå kor mykje me får spart opp, kanskje setje opp eit budsjett på førehand så me veit kor mykje me har og kor mykje me evt. måtte trengje for å stelle i stand eit bryllaup. Så får me sjå, har me pengar får me ordne lokale og liknande ting. : ) Så jau, hittil er me 2013-brurepar! : )
Frøken
annonseEg traff min kjære 24. August 2011, vart sama 25. November 2011 og forlova oss 25. Mars 2012. No skal me forhåpentlegvis gifte oss 25. Juli 2013. Om ikkje vert da 25. Juni/Juli 2014. Kjem an på økonomien. : ) Han er 21 og eg fyller 20. Mange tykkjer nok me var veldig kjappe med det heile, men når ein er så mykje saman, 24/7, så får ein liksom for seg korvidt ein kan leve saman eller ikkje. : )
Eg er ikkje heilt sikker på nøyaktig pris, fordi det ikkje er eg som bestiller, og svigermor seier ho får meir i rabatt jo meir ho bestiller sidan ho var selgar der, men det var vel tusen-og-noko for månadsforbruk om eg hugsar heilt rett. Det er to boksar smakstilsetting, to boksar proteinpulver og x antall boksar med kosttilskot. : )
-
ForfatterInnlegg