Det vil eg absolutt anbefale! : ) Min forlovede seier at han på sine latare dagar gjekk ned 30 kg på eit halvt år, og då brukte han så vidt eg skjøna mykje tid foran PC’en, altså er det effektivt. I alle all for nokon. Men han seier også at det gjekk mykje treigare etter dei tre-fire fyrste månadane. Men med trim, trening og sånt så går ein nok ned. I alle fall figurmessig, om ein satsar på styrketrening er det jo ikkje så mykje å satse på å sjå på vekta, sidan musklar visstnok skal vere tyngre enn fett. Men som rein måltidserstattar funkar shaken bra. Ein vert litt fort svolten i byrjing, men slik er da. : ) Er ein tilvenningssak.
Greia med at eg vil ha eit tema er fordi eg vil ha det stilreint og fint. Det er ikkje for å vere kontrollfreak(sjølv om det kanskje verker sånn… kanskje det er det innerst inne, men ikkje slik eg ser det no.), men berre fordi eg gjerne vil ha eit minneverdig bryllaup og fordi eg har veldig, veldig lyst på eit lett gjennomførbart tema. Og for all del, dei kvinnelege gjestane kan ha svarte kjoler. Eg tykkjer ikkje det vert for mykje begravelse eller noko. Men takk folkens, eg skal ta i betraktning alt de har sagt! : )
OK. Så om eg betalar så treng eg ikkje invitere henne, berre fordi eg kjenner henne personleg? Det høyres bra ut. Eg trur eg hadde klart å få dårleg samvit uansett, men eg tenkte vel at om eg betalte henne som profesjonell og ikkje spurde henne som ein bekjent så hadde eg heller ingen grunn til å invitere henne..
Så vidt me veit er det i alle fall sjokolade-, vanilje- og jordbærtilsetning. Mannen min likar sjokolade i mjølk og elsker vanilje i eplejus med kanel. Eg også er veldig glad i eplejus med kanel, men det funkar også med anna jus. Eg klarde med eit uhell å kjøpe eplejus med blåbær og kirsebær i staden for vanleg eplejus, og eg prøvde same miksturen som med eplejus. Det funkar heilt fint. Oppskrifta heiter «eplekake» og smakar veldig som det med vanleg eplejus. Den andre smakte vanilje med ein liten essens av frukt og bær. Veldig godt, og heilt klart mogeleg å drikke i lengre periodar. Men for alt eg veit kan det vere mange, mange fleire smaker. : ) EG tykkjer det er godt, og det tykkjer han også. Eg er ikkje like glad i sjokomjølk-miksen, men eg er litt sær på sjokomjølk også, då. : )
Eg fann ikkje sølvkule med reagensrør, men eg fann ei rosa kule på internett. Kanskje du kan handle frå denne sida? (Med mindre det er det du vil unngå, kva veit vel eg)
Nielsen Dekor: http://www.nielsendekor.dk/Inspiration/Udbud-af-pynt—blomsterbinderi–2.aspx
Åh, så fantastisk! : D Tusen hjarteleg takk! ^^
Eg gler meg sånn til bryllaupet, og i alle fall til pappadansen, sjølv om det verken vert fyrste eller siste dans eg får med han. Men eg dansar så veldig gjerne med far min når eg kan! : ) Alle som ser må gjerne kome med innlag til korleis dei har gjort / skal gjere bryllaupa sine, slik at me får litt idear, for våre mannen og meg er litt usikre på korleis ein skal gjere det. : )
Mange takk for svar så fort! : ) Det var ein morosam ordning, men han seier no at han kan ikje bruke ideen fordi «den har vært på nyhetene». Så søt og skal vere så original! Velvel, det gjorde i alle fall ting veldig mykje enklare for meg at me kan kutte ut det som ikkje passar heilt inn i ein ideel mal, for eg trur ikkje forloveden min sin forlovar er særleg interessert i å danse, og eg VEIT at mannen her ikkje føler seg heilt komfortabel med å danse med mor mi. ; ) MEN eg SKAL danse med pappa! : ) Det er ikkje tvil om, uansett om det står på programmet eller ikkje!