Ja, eg satt og tenkte så det knaka i går kveld. Fekk hovudverk.. Og kom då fram til at kvite, eller anna som høver (?) med turkis tilbehøv – treng ikkje vera mykje heller. Berre litt 🙂
Sambuaren var liiiit i tvil på turkis, men skal tenka på det – men har også sagt det er mitt valg så 😉
Og det blir kvit bil med turkis band…. Så må eg prøva å ikkje overdriva turkisen resten 😃
Takk for velkomsten, god det ikkje er berre me som er litt seint ute.. Det føles i alle fall slik, tida tikkar og går medan me ventar på svar frå bestemora til sambuaren som bur i utlandet… NÅR kjem ho?? Kor lenge blir ho??
Byrja på ei lita må-gjere-liste i går, og eigenleg så er me ganske enige. Og det er ikkje noko svært komplisert. Truleg så dukkar det opp ting eg / me ikkje hadde tenkt på, men sånn er det alltid når eg planlegg ting og tang 🙂
Lukke til til deg også Sinnami 🙂
Godt ingen bit, greit å vita når alle mine spørsmål byrjar å «renne» inn…
Her går det i Vestlandet… Me skal gifte oss i kyrkje der sambuaren er frå, far hans ligg gravlagd der så me vil tenne ljos. Der ligg også to onklar av meg, og eine var fadder på meg. Han omkom i Libanon på 80 – talet. Me kjører nok tilbake her me bur for å halde festen, meir å velga mellom.
Me har ca 50 stk på gjestelista til middag, men er i tenkeboksen om dei resterande også skal få middag eller berre kake og fest. Vanskeleg å velge vekk. Ellers slit eg med forlovar. Han ynskjer bror sin. Eg har 3 aktuelle veninner, og ei som eg var forlovar til som kanskje forventar eg velger ho… Samvitet slit litt der..
Eg har vore forlovar i vinterbryllup på Toten i 25 minus – dei tok bilda sine ute – var kaldt, men det gjekk veldig fint det. FIne bilder vart det også 😃 Ho hadde ei fin pelsjakke i kvit eller noko liknande, veldig fin!
Det var eit fint bryllup. Ikkje stort, kun nermaste familie og forlovarar.
Tusen takk.. Treng nok plutseleg masse hjelp 😃
Ringane er bestemmte, me har vore forlova sidan 10. mars 2004.. fekk ein gut i 2006 som er funksjonshemma, så me har liksom ikkje hatt tid og ork før no. Veit ikkje om eg har det no heller. Januar går eg inn i det for fullt. Me har kun fortalt det til foreldra våre enndå.. Kjenner eigentleg eg blir svett av tanken på bryllup….