Overivrig Sognajente. (idakat)
Hjem / Bryllupsforum / Og andre ting… / Hei og Velkommen! / Overivrig Sognajente. (idakat)
Hjem / Bryllupsforum / Og andre ting… / Hei og Velkommen! / Overivrig Sognajente. (idakat)
- Dette emnet har 4 svar, 5 deltakere, og ble sist oppdatert 12 years ago av
sweet91.
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 14Replies: 120
Heisann! : )
Mitt namn er Ida, eg er 20 år og bur i Bergen. : ) Eg har vore saman med min kjære Michael(21 år) sidan 25. November 2011, og har vore forlova sidan 25. Mars 2012. Me traff kvarandre på folkehøgskule i Oslo, der me «flytta saman» omtrent med ein gong me bestemte oss for å gjere forhaldet offentleg. No har me bestemt oss for ein bryllaupsdato me helst vil halde oss til, og saman har me byrja å forberede oss litt på kva me må gjere, kva me treng og kva enn anna som måtte til for å få eit fint bryllaup.
Eg kjem frå ei lita bygd i Sogn, og Michael kjem frå Oslo. Saman har me slått saman to ganske forskjellege samfunn (storby og lita bygd) og gjort det beste utav det. Me har ein felles lidenskap for fotballaget Brann, og for musikk, sjølv om smaken varierer litt frå kvar av oss. Medan Michael høyrer på gode, gamle Queen foretrekker egå høyre på Avenged Sevenfold.
Me vil gjerne gifte oss 25. Juli 2013, og satsar på at det er vår dato. Me må berre sjå korleis det no går å verkeleg bu saman, berre oss to, utan noko folkehøgskule rundt oss.
Det var meg og min kjære forlovede! : ) Eg håpar de tek meg/oss godt imot, og at de kan hjelpe oss med det me måtte ha av spørsmål. Me er nokså ferske på dette med å gifte oss.. dette har me aldri gjort før! ; )
Frøken
annonseTopics: 66Replies: 6978Topics: 201Replies: 19922Frøken
annonseTopics: 59Replies: 7239 -
ForfatterInnlegg
- You must be logged in to reply to this topic.