Her er ei bryllupskake eg har laga i fire etasjar, det er ei ostekake med gelélokk, pynta med frukt og bær. http://altgodt.wordpress.com/2011/06/30/i-gang-igjen/
Dette kan også gå andre vegen. Min ex-mann og eg vart einige om å flytte frå kvarandre før jul 2009. Det hadde ikkje søskenbarnet mitt fått med seg, vi budde saman fram til slutten av januar, fordi han måtte finne ein plass å bu osv.. På save-the-date-kortet, som var kombinert julekort frå dei før jul, sto alle sitt namn, med bryllupsdato eit og eit halvt år fram i tid. Dette tok ho veldig bokstaveleg, og dermed endte eg opp vis-a-vis eksen min ved familiebordet i bryllupet eit og eit halvt år seinare… :skrekk:
Eg ville hatt pianist, då kan han spele både medan gjestane ventar, når du og kjæresten din går inn, viss dokke skal gjere det, og når dokke går ut/er ferdige. Det går også an å be pianisten spele noko undervegs, kanskje noko norsk, av Grieg, til dømes? Pianisten spelar kva som helst som du skaffar notar til, stort sett. Er det hos ambassaden, slik at vielsen er på norsk, eller er den på tysk?
Vi begynte med å sjå etter festlokale, det er kanskje litt mindre forpliktande. Eg lagde ei liste over tre-fire aktuelle, og så dro vi og såg på dei. Vi fann eit vi likte veldig godt, og då vi sat i møtet med dei som driv det spurte eg ganske enkelt om ei liste over ledige datoar. Vi såg på den lista etterpå saman, og då fann vi dato. 🙂