altgodt
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
Forumsvar Lagt Inn
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 8Replies: 242
Her kokar det, mandag var datra mi og eg til frisøren, eg klipte meg og hadde ein slags prøvetime. Eg skal ha ei hårbøyle i håret frå Sandberg, den får eg låne, men den kostar 7700,- å kjøpe. Natt til tirsdag vakna eg med eit rykk; Eg hadde ikkje hårbøyla med heim! Eg huska veldig godt at eg pakka den ned, og at eg tok den med ned for å betale frå frisørtimane. Så gjekk vi på Parfumerie, og på Nordseth for å kjøpe slips til sonen min. Tirsdag morgon stressa eg rundt, men posen var verken på Parfumerie eller på Nordseth. Men eg stakk innom frisøren, og eg hadde gløymt posen i kassa! Puh…
Vi har slått frå oss å lage bordprogram med namnet til alle ++, det blir for lite tid, ganske enkelt. Vi oppdaga at ein sang som koret skal synge hadde falt ut av vielsesprogrammet og, men det er ferdig laga, og eg orkar ikkje stresse meir med å gjere om på det. Teksten er limt inn i eit hefte, og det er knytta igjen med blondeband. Eg knyttar ikkje opp att 150 blondeband…
I dag handla forlovaren min og eg blomar for 2800,-, ho har kort til å handle hos grossistane på Økern, og vi fekk utruleg mykje blomar for pengane! Det ligg bilde i bloggen min her: http://altgodt.wordpress.com/2012/09/19/det-blir-fint/
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Det er jo gull som er gjennomgåande, og det går kjempefint saman med elfenbein og svart, syns eg. Det blir ikkje noko brot etter min smak. Seta ser ein ikkje så nøye, dei sit ein jo på. 🙂 Så eg trur det kjem til å gå fint, og gullfargen kjem til å gjere at rommet opplevest som varmt sjølv om temafargane (iallfall svart) er kalde.
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242I går lagde vi 120 popcorn-/godterikremmerhus, dei skal stå oppå godteribufféen i trekasser med netting oppå. Eg jobbar med kort som fortel kva kaker som står på kakebordet, og som fortel kva godteri vi har. I dag har eg jobba med køyreplanen, den vert meir og meir detaljert, og det er jo bra, trur eg. Serviettane er klare, dei har gått påstempla bryllupsmonogrammet vårt. http://altgodt.wordpress.com/2012/01/27/var-dag/ No byrjar vi snart å pakke saman alt som skal opp til Årvoll, og i kveld hentar eg brudekjolen. Det nærmar seg! 🙂
Topics: 8Replies: 242Uansett, det har skjedd eit klart og tydeleg skifte i kva som er vanleg i bryllup. Eg var i mange bryllup då eg var rundt 24-28, altså rundt 1990 og nokre få år framover. Då var det å splitte par heilt vanleg, eg opplevde aldri at par vart plassert saman. I 2010 var eg i mitt første bryllup på mange år, og då opplevde eg for første gong at par vart plassert saman. Så i løpet av dei tjue åra har «tradisjonen» endra seg diametralt. Kva som ligg bak kan ein jo berre spekulere i, eg veit ikkje.
Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Ja, det med barn er jo også eit interessant spørsmål. Vi har femten barn til bords, men alle er seks år eller eldre. Vi har splitta barn og foreldre på borda. Eg har mykje med barn å gjere, og eg veit at barn stort sett alltid oppfører seg best når foreldra ikkje «overvåkar» dei. Enkelte av desse mødrene er også i overkant kontrollerande, og «styrer» veldig med barna sine, sjølv om dei etter kvart har blitt både store og flinke.
Så vi har plassert to og to barn saman, nokre med eit søsken, andre med ein fetter eller venn, og så saman med eit par/to personar som dei kjenner, og fire som dei ikkje kjenner, men som vi veit er opne for barn, og interessert i å prate med barn. Det blir eit spennande eksperiment, men vi trur at vi på denne måten kan bringe ut det beste i barna. (Vi skal sitte til bords i 2 timar og 15 minutt, så det er ikkje så lenge heller. Det blir heller ikkje komplisert mat.) Eg skal rapportere tilbake om det fungerer eller ikkje. 🙂
Topics: 8Replies: 242«Sweet Pink Kitty» wrote:
Altgodt wrote:Men når du får ein bryllupsinvitasjon, ringer du og spør først om par blir splitta før du svarer ja eller nei? Vi har ikkje annonsert for våre gjestar korleis vi planlegg bordsetet, det får dei vite når dei kjem.
Nei. Men jeg antar at vi hadde reist igjen, eventuelt prøvd å holde ut deler av middagen og så dratt. Jeg opplevde dette i sommer, dog ikke i et bryllup, hvilket resulterte i panikkanfall. Veldig vanskelig situasjon og ikke å anbefale.
I så fall hadde eg faktisk tatt ein telefon før bryllupet uansett. Det blir jo meir oppstuss viss ein gjest får panikkanfall ved bordet eller plutseleg «blir borte» enn å ta den eine telefonen og unngå det. Eg syns uansett det er å gå for langt å forvente at ein tradisjon vert endra på fordi nokon kan ha det slik. Men det virkar som om tida og nye tradisjonar virkar for deg og din kjære, SPK. 🙂
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242«Sweet Pink Kitty» wrote:
Javel, deres valg. Jeg står fremdeles ved at jeg synes det er respektløst. Hvordan kan du egentlig vite om noen har sosial angst? Min mann går ikke rundt og annonserer det. Man kan fint bli kjent på tvers av familier uten å splitte par.
Regner med at du ikke blir sur hvis noen takker nei til deres bryllup.
Men når du får ein bryllupsinvitasjon, ringer du og spør først om par blir splitta før du svarer ja eller nei? Vi har ikkje annonsert for våre gjestar korleis vi planlegg bordsetet, det får dei vite når dei kjem.
Topics: 8Replies: 242«Sweet Pink Kitty» wrote:
Altgodt wrote:Ja, men eg seier jo berre korleis eg føler det, ikkje korleis nokon andre bør føle. 🙂 Men eg held fast på at eit opplegg der folk lett kan føle seg utanfor fordi dei ikkje har ein «gjeng» i selskapet er eit dårleg opplegg. Og i enkelte selskap eg har vore i har det vore tydelege «gjengar». Då er det vertskapet si plikt (syns eg) å legge arrangementet opp slik at alle føler seg ivaretekne. Og det å plassere berre folk som kjenner kvarandre saman syns eg er ein dårleg måte å ta alle i vare på.
Hvem har egentlig skrevet her inne at man bare plasser folk som kjenner hverandre sammen? Jeg kan ikke huske å ha lest dette, og de færreste gjør vel også dette.
Eg har opplevd dette sjølv i bryllup, og eg har også sett andre som har skrive her inne at dei vil gjere det slik. Eg seier ikkje at alle gjer det, eg seier at viss ein gjer det, syns eg det er ein dårleg måte å ivareta gjestane sine på fordi dei som kjenner færre vil kunne føle seg endå meir utanfor.
Topics: 8Replies: 242«Jasbon» wrote:
Men i alle dager. Det er da ikke vertskapet som står til ansvar for hvor mange nye mennesker en blir kjent med i et selskap? Man kan jo plassere folk så mye man vil, men de som ønsker å bli kjent med nye mennesker blir jo det uavhengig av hvor man sitter å spiser.
Middager med ukjente mennesker som blir plassert langt fra meg, og hvor vi sitter kun tilbords hele tiden har jeg tilgode å være med på så der kan jeg ikke uttale meg.
Men en bryllup er vel litt mer enn bare maten? Har man ikke en fest etterpå da? Det er jo en utmerket og vanlig måte å snakke med flere av gjestene på.
Her snakka eg vel meir om det å skape mogelegheit for å møte andre. Eit døme: Eg har sunge i studentkor. Viss eg kjem på ein fest med bordplassering, og vert plassert midt mellom mine gamle korkollegaer og ingen andre så går veldig mykje av tida med til å mimre, og relativt sett mykje mindre tid vert til disposisjon for å møte nye menneske. Det syns eg personleg er ei ulempe. Blant dei andre kan det vere mange som eg ville ha stor glede og nytte av å møte, men fordi eg har site og mimra meg gjennom middagen så treff eg dei ikkje.
Dynamikken er som regel slik at ein har lettare for å snakke med dei ein «må» snakke med, altså dei ein sit ved bordet med, men etterpå så søker ein seg gjerne saman med gamle kjente. Det er mykje lettare å møte nye viss ein «må», enn viss ein må aktivt oppsøke dei sjølv ved å mingle rundt med kakefat og kaffekopp.
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242«Jasbon» wrote: Jeg forstår ikke helt dere som sier at selskapet blir dritkjedelig hvis man har sin partner til bords? Er det ikke andre på samme bordet da? Man har jo en på andre siden av seg og på motsatt side av bordet ihvertfall. Jeg har nå aldri vært i selskap hvor vi har blitt plassert på tomannsbord 😂
Det kjem jo veldig an på kven dei andre er, og korleis dei oppfører seg, i kva grad dei er opne for nye menneske. Av og til fungerer det strålande, men viss eit par vert plassert saman med tre par «frå den andre sida» som omgås regelmessig så kan ein jo lett føle seg utanfor, og så vert ein sitande der tosomme.
Topics: 8Replies: 242«Trone» wrote:
Altgodt wrote:Å plassere berre vennar frå same krets på same bord syns eg er heilt idiotisk, unnskyld uttrykket. Då kan ein like gjerne la vere å lage fest, men berre invitere til ei rekke vennemiddagar. Eg har opplevd det og, og eg blir provosert berre av å tenke på det. Viss eg kjem heim frå eit selskap med meir enn ti gjestar og ikkje ha blitt kjent med nye menneske syns eg selskapet har vore mislykka. Det vil alltid vere nokon som ikkje kjenner så mange, og dess meir dei som allereie kjenner kvarandre heng saman, dess meir utanfor vil desse kjenne seg.
Oj, jeg må si at jeg er glad jeg ikke har venner som har så bastante holdninger i alle fall!! :whops: At et selskap er mislykket bare fordi du ikke har blitt kjent med nye folk.. Det er jo helt og holdent opp til deg hvordan du gjør det. Det er jo ikke brudeparets ansvar hvorvidt du snakker til noen eller ei?
Ble litt målløs nå, kjenner jeg.
Ja, men eg seier jo berre korleis eg føler det, ikkje korleis nokon andre bør føle. 🙂 Men eg held fast på at eit opplegg der folk lett kan føle seg utanfor fordi dei ikkje har ein «gjeng» i selskapet er eit dårleg opplegg. Og i enkelte selskap eg har vore i har det vore tydelege «gjengar». Då er det vertskapet si plikt (syns eg) å legge arrangementet opp slik at alle føler seg ivaretekne. Og det å plassere berre folk som kjenner kvarandre saman syns eg er ein dårleg måte å ta alle i vare på.
Topics: 8Replies: 242«Jasbon» wrote:
Jeg føler her for å argumentere litt for argumentasjonens skyld; det at dette er såkalt «gammel tradisjon» sier meg alltid veldig lite siden en alltid kan velge hvor gammel tradisjonene man ønsker å følge skal være. Før denne tradisjonen med å splitte gifte par, var det nemlig en anne, og mye eldre tradisjon og sånn går dagene 😂
Hvis en skal støtte seg på denne tradisjonen som her beskrevet, nemlig å splitte de som er gift men ikke samboere/forlovet – så faller jo mye av denne tradisjonen nå i 2012 på en litt vel urimelig grunn synes jeg personlig. Nettopp fordi det er så veldig mange som er samboere (og som aldri har som intensjon å gifte seg), og avhengig av alder på gjestene så er det i dag en høyere gjennomsnittsalder for de som gifter seg.
Dette vil dermed si at i et bryllup vil man da kunne finne et bryllup hvor kun halvparten av parene får sitte sammen, og i andre bryllup (som mitt eget), vil kun 2 par få sitte sammen, men de andre 4 får altså ikke.
Poenget mitt er at hvis man ønsker å følge disse tradisjonene og snakker så varmt om de, så bør man også gå hele veien og faktisk følge den. Ikke bare dra ut de elementene man synes passer. Og på det grunnlaget så synes jeg at vi som ikke er for å følge denne tradisjonen har noen gode poeng , fordi vi ønsker at alle som er par – uavhengig om de er gift eller ikke, kan sitte sammen.
Eg er vel meir oppteken av grunngjevinga for å splitte, nemleg det å møte nye menneske, enn det formelle ved dette. Dei gongane eg har laga bordplan til formelle selskap har eg også splitta sambuande. Mennesket er ikkje eit konsekvent vesen. 🙂
Topics: 8Replies: 242Som sagt, i vårt bryllup har vi begge delar, sikkert sidan vi begge har passert 40. Vi har nokre med frynsete ekteskap, der det å site side om side når alle tørkar tårer over kor romantisk det er berre vert kleint. (Og tru meg, det å oppleve romantikk på nært hald når ein sjølv er på skilsmissens rand hjelper ikkje.) Vi er glade i begge partar i desse forholda, så å utelate nokon er ikkje eit alternativ. Og så har vi ( så vidt eg veit berre eit) par der dei har det som deg, at dei har det best side om side. Så som eg sa, har vi løyst det med ein variant av free seating.
-
ForfatterInnlegg