altgodt
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
Forumsvar Lagt Inn
-
ForfatterInnlegg
-
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Det går fint, vi «backpacka» i Sharm el Sheik i august 2010, og det var heilt fint. Varmt, men absolutt til å halde ut. Men dersom dykking har høg prioritet ville eg valt Sharm framfor Hurghada. Hurghada og all inclusive er «lukka anstalt» etter mitt syn. I Sharm finn du både fire- og femstjerners hotell og beduinleirar med masse dykkeaktivitetar og svært godt utstyrte hytter som ligg rett på stranda. Sjekk ut Sharks Bay Umbi, til dømes. Dei har ikkje spa og massasje, men eigen omelettkokk til frukost og båt som går frå nabobrygga ut til Ras Mohammed og andre verdskjende dykkeområde.
Topics: 8Replies: 242Her er min variant av bryllupsostekake, den lagde eg til eit bryllup i februar 2011. 🙂 10 kg kake til 140 gjestar.http://altgodt.wordpress.com/2011/02/20 … llupskaka/
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Vi er tydelegvis trendy, vi skal ha 120 gjestar. Og endå har vi problem med å kutte i gjestelista! 😭 Vi har begge store familiar, og inviterer berre «representantar» frå kvar søskenbarnfamilie. Utfordringa er at vi har store vennekretsar og har vore aktive på mange område som gjer at vi har mange som er nær oss.
Men det er jo berre ei stor glede å kunne dele denne dagen med mange ein er glad i. Eg var i eit bryllup sommaren 2010 med 100 gjestar, og det var heilt fantastisk, så mange fine menneske, varme kjensler og omtanke. Så eg vonar vi klarer å gjenskape det i vårt bryllup.
Topics: 8Replies: 242Hehe, eg kjenner meg litt igjen i det du seier. Eg er nok ganske sjølvstendig, og ho eg skal ha som forlovar er ikkje interessert i kjolar og slikt, så det ordna eg heilt sjølv. Eg fekk med meg ei anna venninne, som elskar slikt. I dag har eg snakka om design og styling med ei heilt anna venninne, og ho jobbar med grafisk design, og vil hjelpe oss med det (i bytte mot ei bryllupskake om eit år. 🙂) Så det eg gjer er vel å fordele det utover, å snakke med ulike element av planlegginga med ulike venninner og bekjente som er interessert i akkurat dei elementa. Då slepp eg å slite ut dei eg har nærast, og eg får også masse morsomme idéar som eg ikkje ville fått elles. Men hekta, det blir ein!
Topics: 8Replies: 242Å invitere kaffegjestar stiller større krav til logistikken. Middagen må ikkje trekke ut. Den må vere over når kaffegjestane kjem. Eg har vore i eit bryllup der vi kaffegjestane måtte vente i nærare ein time utan vått eller tørt, det var skikkeleg kjipt. Forøvrig er eg heilt einig med Trone, det er ei ære å bli invitert, ikkje ei sjølvfølge.
Topics: 8Replies: 242Vi har gjort det rundt 15 gongar, det funkar som ei kule! 🙂 Du finn meir info i bloggen min her: http://altgodt.wordpress.com/?s=boligbytte Kjempebillig ferie, gode plassar å bu og heilt annleis opplevingar enn når ein reiser på charterferie eller bur på hotell.
Topics: 8Replies: 242Vi skal bytte hus med ein gresk familie, så vi skal tilbringe to veker utanfor Athen. Eg hadde ikkje trudd at nokon av dei hadde råd til å kome til Norge, men dei har allereie kjøpt billettar, så alt er i boks. Vi har bytta hus mange gongar før, i fjor var vi i Oxford og året før var vi to veker i Paris.
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Her er ei bryllupskake eg har laga i fire etasjar, det er ei ostekake med gelélokk, pynta med frukt og bær. http://altgodt.wordpress.com/2011/06/30/i-gang-igjen/
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Dette kan også gå andre vegen. Min ex-mann og eg vart einige om å flytte frå kvarandre før jul 2009. Det hadde ikkje søskenbarnet mitt fått med seg, vi budde saman fram til slutten av januar, fordi han måtte finne ein plass å bu osv.. På save-the-date-kortet, som var kombinert julekort frå dei før jul, sto alle sitt namn, med bryllupsdato eit og eit halvt år fram i tid. Dette tok ho veldig bokstaveleg, og dermed endte eg opp vis-a-vis eksen min ved familiebordet i bryllupet eit og eit halvt år seinare… :skrekk:
Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Eg ville hatt pianist, då kan han spele både medan gjestane ventar, når du og kjæresten din går inn, viss dokke skal gjere det, og når dokke går ut/er ferdige. Det går også an å be pianisten spele noko undervegs, kanskje noko norsk, av Grieg, til dømes? Pianisten spelar kva som helst som du skaffar notar til, stort sett. Er det hos ambassaden, slik at vielsen er på norsk, eller er den på tysk?
-
ForfatterInnlegg