altgodt
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
Forumsvar Lagt Inn
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 8Replies: 242
Eg er litt gamaldags her, og er for splitting av par. Tradisjonen er jo å splitte par, iallfall dei som er gifte. I følge tradisjonell skikk og bruk skal gifte par splittast, fordi ein ikkje skal ha til bords den ein har til bords til dagleg, i heimen. Forlova par skal ikkje splittast.
Grunnen til at ein tradisjonelt splittar par er at i eit selskap sit ein ofte lenge til bords, og det kan bli kjedeleg å sitte ved sidan ein som ein kjenner ut og inn. Å få ein bordkavaler/ei borddame som ein ikkje kjenner frå før gjer at ein blir kjent med nye menneske, får ein interessant samtale og ein blir kanskje gjennom denne introdusert til nye menneske som ein elles ikkje hadde møtt. Eg elskar mannen min, men viss eg skal ha han til bords i alle selskapa vi skal i (forhåpentlegvis) før vi døyr kjem det til å bli gørkjedeleg i lengda.
Dei gongane eg har arrangert selskap med bordsetting har eg sjølvsagt ikkje plassert partnerar laaangt frå kvarandre, men kanskje på skrå overfor kvarandre, eller liknande. Å gi folk gode bordkavalerar/borddamer er viktig, og då har eg i hovudsak valt folk som kjenner kvarandre litt, eller som eg trur vil ha stor glede av å bli kjent. Formålet med eit selskap er jo å møte menneske, nye bekjentskap og gamle kjente. Men eg må innrømme at i det bryllupet der eg vart plassert saman med min bror og hans kone, mor mi, to knusktørre tante- og onkelpar og min ex (ikkje spør, lang og teit historie) så kjeda eg vettet av meg nettopp fordi eg sat saman med folk som eg treff rett som det er.
Vi har løyst heile problemet (fordi vi har nokre med frynsete ekteskap og nokre som Sweet Pink Kitty, no offence) ved at vi plasserer para på åttemannsbord, og så får dei bestemme sjølve korleis dei plasserer seg. Eg veit at på enkelte bord vil nokre som tenker som meg ta regien, og på enkelte bord vil par som treng å halde kvarandre i handa sette seg saman. Uansett vil alle få site saman med nokon dei kjenner, og alle «må» sitte saman med nokon dei ikkje kjenner.
Å plassere berre vennar frå same krets på same bord syns eg er heilt idiotisk, unnskyld uttrykket. Då kan ein like gjerne la vere å lage fest, men berre invitere til ei rekke vennemiddagar. Eg har opplevd det og, og eg blir provosert berre av å tenke på det. Viss eg kjem heim frå eit selskap med meir enn ti gjestar og ikkje ha blitt kjent med nye menneske syns eg selskapet har vore mislykka. Det vil alltid vere nokon som ikkje kjenner så mange, og dess meir dei som allereie kjenner kvarandre heng saman, dess meir utanfor vil desse kjenne seg.
Topics: 8Replies: 242«Everlast» wrote: Altgodt:
Hun skrev at grunnen til at hun ønsker å ha sin forlover ved siden av seg er jo pga hun bor i utlandet og de har ikke sett hverandre på lenge og får ikke sett hverandre så lenge siden hun kommer sent på kvelden dagen før bryllupet og må reise igjen dagen etter bryllupet.
Derfor ville hun ha henne sittende ved siden av hverandre så de får snakket litt sammen og tatt igjen det tapte.
Ja, og det støttar eg henne 100% i, som eg skriv i innlegget rett over her. Det eg kommenterte sto i den øvrige teksten, nemleg at alle andre par skulle ha kvarandre til bords.
Topics: 8Replies: 242(Og til det du konkret spør om; eg ville gjort som du, og plassert forlovaren min nærast meg, viss eg hadde det som deg, og såg henne så sjeldan. Og tradisjonen seier ikkje så mykje om søsken og slikt, anna enn at dei vert rekna som av høgare «rang» i selskapet, og dermed skal plasserast nærare brudeparet enn «kven som helst».)
Topics: 8Replies: 242Eg har ikkje funne noko god forklaring på det, så eg spør her: Kva er årsaka til dette skiftet med bordplassering som har ført til at par veldig ofte vert plassert med partneren til bords? Er det eit opprør mot «gamaldags» skikk og bruk, eller er det noko eg ikkje har fått med meg? Slik eg har vakse opp skal gifte par ikkje ha kvarandre til bords. Grunnen til det er at i eit selskap sit ein ofte lenge til bords, og det kan bli kjedeleg å sitte ved sidan ein som ein kjenner ut og inn. Å få ein bordkavaler/ei borddame som ein ikkje kjenner frå før gjer at ein blir kjent med nye menneske, får ein interessant samtale og ein blir kanskje gjennom denne introdusert til nye menneske som ein elles ikkje hadde møtt. Eg elskar mannen min, men viss eg skal ha han til bords i alle selskapa vi skal i (forhåpentlegvis) før vi døyr kjem det til å bli gørkjedeleg i lengda. (Ja, vi er i ein veldig sosial vennegjeng.)
Mi erfaring, spesielt frå mitt forrige ekteskap, som halta på slutten, naturleg nok, var at å sitte ved sidan av han eg då var gift med berre førte til at vi vart sittande og snakke om korvidt vi hadde huska å slå av kaffetraktaren, og det står ein vask på som vi må huske på å henge opp før vi legg oss. Det er ikkje meininga å kuppe tråden din, eg kan godt opprette min eigen, men eg berre lurer veldig på kva som er grunnen til dette skiftet.
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Eg sat og lagde bordkort i kveld, og eit lys gjekk opp for meg: Namnet må stå på begge sider av kortet! Bordkortet vender jo mot den som sit på plassen, men ein veit jo sjølv kva ein heiter. I nokre selskap eg har vore i har vi blitt oppmoda om å snu bordkortet for at andre skal kunne sjå på det og huske namnet vårt, men når namnet står på begge sider så er jo problemet løyst! Nå no har eg skrive 220 namn på 110 bordkort. 🙂
Topics: 8Replies: 242Eg har sydd dei siste tre dukane, som kjæresten min strauk i dag. (Han stryk fald, slik at det blir enklare å sy.) Han har gjennomgått gamle slides-bilde, og valt ut ein bunke som vi skal vise med gamaldags framvisar i bryllupet, og og mine foreldre skal gjere det same, velge ut fine bilde frå når eg var lita. Og no skal eg til å skrive på bordkort, han stakk ein tur på quiz. I går kveld vart vi ferdige med bordplasseringa, eg vonar folk blir fornøgde.
Topics: 8Replies: 242Vi er jo like rundt hjørnet! Men eg er superletta no, snakka med dei på Årvoll gård, og vi får nøklane onsdagen før bryllupet! Det gjer livet så mykje enklare, for då har vi kvelden onsdag og to fulle dagar på å pynte og rigge, i staden for å ha berre ein dag. Puh!
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Vi gjorde noko liknande i konfirmasjonen til datra mi, stor suksess! Dei vart ikkje så fancy pynta, men her kan ein variere med strøssel, kompottar, lag-på-lag osv..
http://altgodt.wordpress.com/2010/04/30 … dessertar/
http://altgodt.wordpress.com/2010/05/01 … ondepiker/
Topics: 8Replies: 242Ein annan ting som endrar tidsperspektivet er korleis ein serverer maten. Ein buffé går mykje raskare enn tre rettar med påfyll. Vi skal servere hovudretten «family style», altså i skåler som vert sett på bordet, og som alle på åttemannsbordet forsyner seg frå. Vinen (to flasker raud og ei flaske kvit, med skrukork for å sleppe vinåpnar) og brus står på bordet når gjestane set seg. Og dei skjenker opp sjølve. Alt dette gjer at middagen tek mykje kortare tid enn om vi skulle ha servitørar som gjekk rundt med tallerknar eller fat som folk forsynte seg frå.
Topics: 8Replies: 242Eg skal ikkje gjere så mykje med håret, det skal vaskast, fønast, tuperast litt og så skal eg ha ei hårbøyle i det, ikkje ein tiara. Ikkje slør heller. Eg skal til frisøren klokka elleve, han er ferdig halv eitt, og så er det ein halv time til makeup. Så blir eg henta klokka 13, og vi har fotografering i to timar. Vielsen er 15:30, og då er vi framme der vi skal vere resten av dagen, ikkje meir transport. Mitt håropplegg er nok ikkje «representativt», skal du sette opp håret er det nok eit anna tidsperspektiv enn mitt. Pluss at eg går til frisøren eg går til «alltid», og han har klipt meg (og prøveoppsett) fem dagar før, så då går det nok radig.
Topics: 8Replies: 242Eg svergar til Max Factor Lipfinity. Legg den på med lipliner først, og la den tørke. Då er den heilt matt, og så kan du legge på den glossen du vil ha, med farge, glitter eller naturell. Den sit heile dagen, og toler både kyssing, spising og alt anna. Eit påfyll utpå kvelden burde vere nok.
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 24220:30 er ok. Men stalltipset er å ta bilde før vielsen, og å ha streng kustus på talar og innslag under middagen. Då er det mogeleg å invitere kaffegjestane til eit tidlegare tidspunkt, og ikkje minst la dei ta meir del i feiringa. Det var eit viktig moment for oss når vi bestemte oss for å ha fotografering før vielsen og ein kort middag med få talar, og desto fleire talar under kaffen.
Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Uff, det er ein kjempevanskeleg situasjon. Det er jo søstra di her som er «låsen», ved at ho stiller ultimatumet. Eg har ein familie nær innpå meg som er i ein liknande situasjon. Der klarer dei å handtere det ved at søkena omgås foreldra separat, og ho som har brutt og hennar familie separat. Det går fordi dei ikkje krev at søstra skal omgås foreldra, og ho krev heller ikkje at søskena skal slutte å omgås foreldra. Så vidt eg kan sjå er dette den einaste mogelege løysinga når ein ikkje ser likt på det som har skjedd. (I den situasjonen eg er nær kan eg ikkje seie at dei ikkje ser likt på det, men søskena har valt å ikkje få vite kva som har skjedd og omfanget.)
-
ForfatterInnlegg