altgodt
Registreringsdato: 10. feb 2012
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
Ja, då er jo situasjonen ganske låst. Om dette er ikkje noko som kan takast opp med alle tre til stades så har du satt ditt vilkår, at far ikkje skal kome, og ho har satt sitt ultimatum, at ho ikkje vil kome viss far ikkje vil kome. Eg ser ingen lett veg ut av dette med mindre ein skal bringe inn profesjonelle. Dersom ein ynskjer ei forsoning så kan det vere ei løysing. Eg har vore i familieterapi med vaksne familiemedlemmar då eg var godt over 30, det var veldig nyttig og avklarande i ein vanskeleg situasjon. Men motivasjonen manglar kanskje?
For kaffegjestane er det seint, ja. Utfordringa er å halde kustus på talar og alt det som skal skje under middagen. Folk har utruleg vondt for å halde seg til tida. Vi løyser det ved å legge fleire talar til kaffen, og ha berre fire talar under middagen. På den måten får vi kutta ned på bordsetet, og vi får forhindra at folk får gnagsår i rompa (og i øyrene av alt for lange og uinteressante talar…).
Veit ho kva som har skjedd, kva som ligg bak brotet? Kunne det hjelpe å snakke om det? Mi erfaring er at openheit om slike ting kan oppklare mykje. Det er veldig vanskeleg når det vert stilt krav om lojalitet og støtte i denne typen konflikter, ein bør gjere ganske mykje for å unngå «den som ikkje er med er mot»-situasjonar.
Og så kan ein gjere det heilt annleis. Trettenåringen vår lagde monogram til oss, og det ser du her: https://altgodt.wordpress.com/2012/01/27/var-dag/
Uff, så ille! Det er vel berre hjernen din som prøver å bearbeide alt som skjer akkurat no, det er jo ein ganske intens fase. Eg ventar på mine første bryllupsdraumar, men har ikkje hatt nokon enno. Det heng vel saman med at eg stressar masse med ikkje-bryllupsrelaterte ting og, så det er fullt i toppen av andre ting. 🙂
Det varierer veldig, men minst 2000 viss den som opptrer er fagutdanna. Ein amatør vil kanskje vere fornøgd med 500-1000. Det kjem også an på om dei skal framføre noko dei kjenner frå før, eller om dei må øve inn noko nytt. Å øve inn ting tek tid, og vil kanskje koste ekstra. Reisetid og om dei må ordne med eigen transport vil og kunne innvirke på prisen.
Sjekk ut dette bakeriet på St.Hanshaugen: http://kakeskogen.no/
Ring til konservatoriet i Bergen, og be om å få snakke med nokon som underviser i sang der. Be om forslag til sangarar du kan kontakte. Bergen er full av flinke syngefolk. 🙂 Eller ring til domkantoren, han er ein veldig hyggeleg fyr, og har heilt sikkert forslag til aktuelle sangarar.