altgodt
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
Forumsvar Lagt Inn
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242
Norgesglas er fine å bruke, ja. Men dei høge kan vere litt klønete å putte handa ned i, så bruk dei til små, gjerne innpakka ting, og ha gjerne ei serveringsskei oppi slik at gjestane kan bruke den for å fiske ut det dei vil ha. Variasjon er fint, vi skal ha nokre fat, nokre høgare ting og nokre vide skåler. Eg kjem nok til å ta ein del bilde av bordet vårt, så eg legg dei ut enten her eller i bloggen. 🙂
Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Er du allergisk mot marsipan og, eller er det berre valnøtter og hasselnøtter som er «farleg»? Dei fleste konditorar har vel slutta å bruke valnøtter med mindre dei får ei eksplisitt bestilling på «Lukket valnøtt» eller liknande, nettopp på grunn av allergiar. Eg ville ringt og snakka med aktuelle konditorar og spurt. I kva del av landet bur du?
Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242I mitt første bryllup (for over 15 år sidan…) lagde vi bordkort av cernit, ei slags plastleire. Vi elta saman cernitdeig i bryllupsfargane, kjevla det tynt og stansa ut hjarte som vi brukte som bordkort. Bak på desse hjarta limte vi ein magnet, slik at folk kunne henge dei på kjøleskapsdøra når dei kom heim. Eg har vore på besøk hos gjestar frå det bryllupet som framleis har hjarta hengande oppe, så dei fall tydelegvis i smak. Og ingen låg att då vi rydda bordet. Men denne gongen trur eg vi droppar det, mest fordi vi ikkje har nokon gode idéar til kva vi kan ha som gåver.
Topics: 8Replies: 242Det ligg bilde av våre invitasjonar her: http://altgodt.wordpress.com/2012/06/12/steg-for-steg/
Topics: 8Replies: 242Korleis veit du at den dama har ærlege hensikter? Det kan hende at dei vart uvennar, at dei har krangla om rekninga eller kva som helst. Eg ville bede om å få sjå døme på bilde fotografen har teke, og gjort mi eiga vurdering. Folk kan ha så mange grunnar til å seie stygge ting om andre.
Topics: 8Replies: 242Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Vi brukar lokala sine bord, og set dei saman til firkanta bord med plass til åtte rundt kvart bord unntatt vårt, der vi skal vere ti (oss to, foreldra våre og forlovarane våre med ektefellar). Vi har sydd og farga eigne dukar, fordi borda blir for breie for standarddukar. Vi kjøpte det billegaste tre meter breie stoffet på stoff og stil, og farga det beige.
Topics: 8Replies: 242Eg skal ha denne ringen: http://www.sandbergsweden.com/vigsel-oc … ngo-450-p/
Og han skal ha denne: http://www.sandbergsweden.com/vigsel-oc … lag-433-p/ Han har faktisk allereie byrja å gå med sin, for han syns det var så koseleg. 🙂
Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Eg ga opp, og bestilte her: http://www.rococlothing.co.uk/boys-form … colour=269 Donato til dei to små og Celio til den store på 14. Eg trur dei blir fine! 🙂
Topics: 8Replies: 242Eg ville ikkje brukt kjemikalier, men berre latt mosen ligge, kanskje på skråstilte brett, nokre dagar. Då vil dyra forlate den, dei likar ikkje å ikkje ha jord under seg. Dusj mosen med jamne mellomrom, slik at den held seg frisk og grøn. På bordet kan den ligge på gladpack eller alufolie, alufolie kan du jo brette opp ein liten kant på som gjer at bordet ikkje tek skade, og så la den ytterste kanten av mosen skjule folien.
Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Eit tips: Hald igjen nokre aktivitetar og kanskje ein tale eller to til kaffen. Det gjer at festgjestane føler seg endå meir inkludert, og at dei får vere med på noko av det formelle. I vårt bryllup skal vi halde våre talar til kvarandre under kaffen, ikkje under middagen. Vi vil ha dei talane litt uformelle, og vi vil at alle skal få høyre dei.
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Dei lykkeliten-bilda blir for søte for meg. Vi skal ha ein fotograf som tek bilde i meir reportasjestil, og sjølv om det blir nokre portrett så er ikkje vi «bilde-på-veggen»-menneske, så vi kjem til å lage oss eit album med varierte bilde, mykje av gjestane og av ting som skjer.
Topics: 8Replies: 242Det kjem veldig an på korleis de legg det opp, men det er fullt mogeleg å gifte seg for 50 000,-. Brudekjolar får ein kjøpt på salg (gjerne akkurat no!), det same med fine dressar, om ein ikkje leiger det. Dropp sjakett/smoking, og ikle mannen ein flott dress med eit slips som tek opp fargane de likar, og sett pent antrekk i invitasjonen. Kjenner du nokon som er flinke med blomar, mat osv, så be om vennetenester, som du sjølvsagt må vere villig til å returnere ved eit seinare høve.
Det viktigaste er å finne lokale der ein får ha med eigen kokk, og sin eigen alkohol (viss ein skal servere alkohol), og bur de nær grensa kan ein få inn ein del frå Sverige. Maten treng ikkje å vere så fancy, den treng ikkje verte servert av servitørar på geledd, du kan ha koldtbord, eller ein forseggjort gryterett (boeuf bourguignon eller coq au vin) servert «family style», altså i skåler ved bordet. Du kan også ha middag berre for dei næraste, og så ein flott fest etterpå for vennar og utvida familie. Pynting kan ein gjere sjølv saman med vennar, bruk IKEA-blomstervasar til enkeltblomar og fine telysestakar. Her er ein fin variant, med brudeslør og to roser per bord, http://altgodt.wordpress.com/2011/07/09 … det-pynta/, her er ein annan variant med gerbera og «bregner». http://altgodt.wordpress.com/2010/04/25/vel-blast/
Sidan du skal gifte deg på sommaren kan du alliere deg med nokon med fin hage, og plukke roser, erteblomster og praktmarikåpe viss dei har, det er det kjempelett å lage pen pynt og brudebukett av.
Topics: 8Replies: 242Her finn du masse nyttige tips: http://www.matprat.no/gjester/koldtbord … 3wodDxAA8A
Mi erfaring er at det går mykje mindre brød og smør enn ein trur. Andre ting, som karbonader eller kjøttbollar viss du har det, går det masse av. Men sjekk ut lista til matprat, mykje nyttig info der.
-
ForfatterInnlegg