altgodt
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
 
Forumsvar Lagt Inn
- 
        ForfatterInnlegg
- 
        
Vi har gjort noko liknande, og bytta til oss tenester. Vi lagde bryllupskaka i fire etasjar til eit vennepar av oss som er kokkar, dei lagar vår bryllupsmiddag, vi betalar berre for råvarene. Vi skal også lage ei bryllupskake til eit anna vennepar som skal gifte seg neste år, ho er grafisk designer og har laga alle grafiske element, som invitasjonar, program, bordkort m.m.. Dj-ane er eit anna vennepar av oss, dei gjev vi ei teneste att ein annan gong, evnt. får dei vin viss vi får til overs. (Dei har sagt dei vil gjere det for ingenting, men det skal dei ikkje.) Vi har samla alkohol i lengre tid, så dei kostnadane kjem ikkje i ein stor sum rett før bryllupet. Kjolen er kjøpt på salg, og vert lagt opp av ein bekjent til vennepris. Det er mange måtar å spare pengar på, men å be om pengar ville eg ikkje gjort. Det får som regel veldig blanda mottaking. Tenk heller igjennom det dokke treng av tenester, om ikkje anna så å bake ei kake til kaffen. Du bør avklare med kjøkkenet kva som er eit realistisk tidsskjema, slik at talane vert fordelt ift serveringsrundane for mat, vin og andre drikkevarer som dei planlegg. Dei har eit system på dette som toastmasteren må tilpasse sitt opplegg etter. Så må du lage ein plan for rekkefølga på talane, det er vel eigentleg det viktigaste.  Frøken Frøken
 annonseEg er veldig glad i heilsteikt ytrefilet, då får du biffkjensle utan at det vert så mykje stress for kokken. Til det kan du ha hasselbäck-poteter, raudvins- eller portvinssaus og ein eller annan grønsaksvariant som brudeparet likar. Båtpoteter er også veldig godt, og enkelt å lage til mange. Kvar skal du ha bryllupet? Er det på eit hotell, er det catering, eller skal nokon du kjenner/leiger inn lage maten? Vårt program ser slik ut: BRYLLUPSFESTEN BYRJAR 15:00: Brudepar og forlovarar kjem til Årvoll 15:20: Gjestar og vigselsmann kjem til Årvoll 15:30: Vigsle 16:00: Sjampanje og bær/frukt til alle 16:30: Middagsgjestane går til festlokalet, gåver vert pakka ut av tante og onkel, gjestane finn bordkorta sine og bordet sitt 16:50: Brudeparet ynskjer velkomne til bords, presenterer kjøkemeister Kjøkemeister tek ordet, seier at det vert fire talar under middagen. Ber dei som vil tale under kaffen om å vende seg til han, og kjem med øvrig praktisk info. Forrett vert servert. Hovedrett er servert og første omgang av hovedrett er ferdigspist. Kjøkemeister gir ordet til mor til brura Kjøkemeister gir ordet til mor til brudgommen Hovedetten er servert for andre gang og det vert rydda opp. Kjøkemeister gir ordet til forlovaren til brura Kjøkemeister gir ordet til forlovaren til brudgommen Ost vert servert. Osten er ferdigspist, opprydding. Takk for maten- Vert halden av ein venn. Takk for maten og skål for brudeparet, som er vertskap. Kaffegjestane kjem 19:00: Servering av kaffe avec, samt ein stor godteribuffé Bryllupsdans 21:00: Kakebord og meir kaffe avec Brudeparet skjer dei første stykka av bryllupskaka. Medan folk et kaker: Kjøkemeister gir ordet til brura. Kjøkemeister gir ordet til brudgommen Opplesing av kort og helsingar av kjøkemeister. Andre innslag Meir dansing 03:00: BRYLLUPSFESTEN ER SLUTT «Vicky» wrote: Så hvis det var ting dere ønsket fra f.eks fotobutikk så la dere det inn på lista samt hvo det kunne kjøpes? Ja, ser helt klart fordelene med bare en liste 😉 Ja, nettopp. Vi ønskar oss dobbel sommar- og vinterdyne med sengetøy, og det er frå Fru Lyng, men vi har ført det på lista likevel. Du kan sjå den her: http://www.bryllupslisten.no/Guest/Index Trykk på «gjester», og bruk gunda&kjetil som passord.  Frøken Frøken
 annonseVi brukte ein moderne font, lane, for å ikkje få det for «søtt». Du ser den på våre invitasjonar her: viewtopic.php?f=53&t=10494 Jasbon: Google fontnamnet og «font», og så finn du fonten på ei slik gratis nedlastingsside. Så installerer du dei på maskinen din. Vi brukte bryllupslisten.no, som vel er Glasmagasinet si liste. Den får du redigeringstilgang til sjølv, så då la vi til dei ønska vi hadde frå andre butikkar i lista, ganske enkelt. I friteksten skreiv vi kvar dei tinga kunne kjøpast. Om det er heilt kosher veit eg ikkje, men det er ganske greitt med berre ei liste. 🙂 Vi har booka Christian Elgvin http://www.celgvin.no, som tek bilde i ein dokumentarisk stil, men også nokre «oppstilte». Om alt går etter planen skal vielsen foregå ute i hagen utanfor festlokalet. Vi har eit backup-lokale i etasjen under festlokalet. Ikkje optimalt, spesielt ikkje med tanke på fotografering, men betre enn ingenting. Vi skal ha så mange at det vert urealistisk med telt til alle. Vi skal ha eit kor som syng, og ein solist med gitar til.  Frøken Frøken
 annonse
- 
        ForfatterInnlegg

 
             
             Fann ein flott ein hos Rigby and Peller. Eg prøvde å finne Bali-undertøy, men dei har mest minimizer-koppar, og eg ville ha noko som ga pen cleavage.
 Fann ein flott ein hos Rigby and Peller. Eg prøvde å finne Bali-undertøy, men dei har mest minimizer-koppar, og eg ville ha noko som ga pen cleavage.