altgodt
Registreringsdato: 10. feb 2012
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
 
 
Her er slik vi tenker det, med varme fargar, naturtonar, gamle blondar og treverk. http://ruffledblog.com/valentines-day-l … ter-shoot/
Her fann eg eit fint: http://tamrynkirby.blogspot.no/2011/03/ … ation.html
Og eit med dueblått, litt nedi der: http://boards.weddingbee.com/topic/wedding-color-help-5
Dei to fargane er litt harde mot kvarandre, det blir fort enten jul eller dansk konfirmasjon. 🙂 Eg har sett bryllup som har vore «overdone» med raudt og kvitt, og det har ikkje vore så fint. Det kan bli overveldande visuelt sett. Generelt syns eg at ein dekor med berre to fargar kan bli enten «voldsom» eller kjedeleg. Så å tenke over ein tredje farge som bind kvitt og raudt saman kan supplere og dempe dansk-flagg-inntrykket kan vere nyttig.
 
                        Eg har ei venninne som mista diamanten i spennringen sin, og den var stor… Diamanten, altså. Eg er også ei rotedame, så eg hadde aldri tatt sjansen på spennring. Eg tok ikkje ein gong på meg forlovelsesringen då eg dro til London sist, eg var så redd for å miste den…
Det er snodig, det der, det virkar som om brudebutikkane pushar katedralkjolar på alle, sjølv om ein eigentleg kjem inn og ønskar seg noko anna. Eg gjorde det enkelt, eg kjøpte ein diger ein med plan om å kutte den av. Ingen av butikkane hadde korte kjolar som eg kunne tenke meg. Dei korte som er å få tak i er veldig småjenteaktige, og alle som ein har markert midje som eit strutteskjørt tyt ut frå. Ikkje spesielt flatterande. Er du sikker på at den ikkje kan kuttast? Har du lenke til bilde av modellen?
Det er ein kinkig kombinasjon, det kan bli komplett harry og det kan bli kjempefint. Vi skal ha raudt, elfenbein og jordfargar, og då har vi valgt ein varm raudtone på blomane. Vil du ha ein kald raudfarge på blomane går det betre til reint kvitt, og så kan du legge til ein kjøleg farge til, som t.d. sølv eller ein gråtone. Dueblått vert også mykje brukt saman med raudt og kvitt.
Eg hadde det vel litt som elisa. Eg kjøpte den andre kjolen eg prøvde, og sjølv om eg prøvde mange andre så var det nr. 2 som fungerte best, utan at det fekk meg til å miste pusten. No skal den leggast opp, den er «cathedral length», og skal bli knekort! 😮 Det blir verkeleg spennande, men eg veit at eg kler den kjolelengda, og med hælar og rett undertøy trur eg det vert veldig bra. 🙂
Vi hadde opprinneleg ikkje planlagt å ha forrett, men vi kjem nok til å ha ein liten forrett likevel, vi vurderer ein fiskepaté med urtedressing og litt salat. Til hovudrett planlegg vi ein eksklusiv gryterett med vilt, med tyttebær og saltbakte poteter til. Desserten blir ost med ulike syltetøy, og så blir det ein godteribuffet etterpå, for å muntre opp barna som har blitt skuffa over osten. Dei vaksne får også forsyne seg frå buffeten, og dei får kaffe avec.
Så blir det kaker og te/kaffe seinare på kvelden.
 
                        På sunnmøre er vel tradisjonen ei kvart kake per person, pluss lefser og karamellpudding… 🙂 Vi har sunnmørsbrullup, men i Oslo, og planlegg mange kaker. Men kunsten (viss ein ikkje skal ha «dagen derpå»-selskap) er å sende dei med bakarane heim om kvelden. Er du heldig kjem folk med tiner, og det er berre å putte oppi kakefatet med restane på, viss det ser nokolunde ok ut. Er det mindre enn ei kvart kake igjen på fatet er det berre å kvitte seg med det. Og ikkje minst: be folk merke fata sine. Elles blir det berre kaos.
Vi vil plassere folk på åttemannsbord, slik at det er litt familie, litt av «mine» vennar og litt av «hans». (Vi har mange vennar felles og, difor hermeteikna.) Par får tildelt eit bord, og så kan dei velge om dei vil sette seg saman eller blande seg med dei andre på bordet.
Sjekk ut dette bryllupet med naturtema – gjennomført! http://ruffledblog.com/birch-and-barn-w … spiration/
 
                        Vi har to av mine eksar og ein av hans på gjestelista… Brota ligg langt tilbake i tid, vi er alle i same omgangskrets, forholda partane imellom er heilt uproblematiske og vi ser kvarandre stadig vekk uansett. Det ville faktisk vere ganske kunstig å ikkje ha dei der. Men folk er forskjellige. (Og både eg og han er nok over gjennomsnittet lite sjalu.)