altgodt
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
Forumsvar Lagt Inn
-
ForfatterInnlegg
-
Topics: 8Replies: 242
Dette hadde eg latt seile. Ingen kjem til å ta feil av deg og henne, og det er eigentleg aller mest flautt for foreldra hennar som har utvist så dårleg skjønn. Uansett kjem ingen til å tru ho er brudepike når ho ikkje går oppover kyrkjegolvet saman med deg. Så eg ville ikkje skjenka dette ein tanke.
Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242-Og det kan hende at enkelte vil kalle vårt bryllup utradisjonelt og, eg veit ikkje. Vi skal ha vielse med humanetisk forbund i hagen utanfor selskapslokalet, som er ein låve. Vi skal ikkje ha forrett, men to hovudrettar, den eine for allergikarar, og ost til dessert. Deretter vert det godteribuffé for å glede barnet i kvar enkelt av oss. Bordplasseringa vert «free seating», fordelt på åttemannsbord, slik at ein får vite kva bord ein skal sitte på, og så finn ein sin plass der. Så kan dei som må halde kjæresten i handa få gjere det, og dei som vil sleppe kan sleppe.
Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Eg var i eit bryllup som kanskje må karakteriserast som utradisjonelt for to år sidan. Då vart vi henta på ei brygge i Sandvika, frakta ut til ei øy der det var eit stort lysthus det festen skulle vere. Brudgommen stupte naken frå taket på ein båt idet båten med oss la til kai, og så skifta han til skotskruta dress. Vielsen var på svaberga nedanfor lysthuset, og til forrett fekk vi tre deilige sjokoladebitar. Hovudretten var grilla pølser frå Idsøe i Stavanger, dessert trur eg ikkje vi fekk. Men masse gode kaker, og dans til den lyse morgon, båten gjekk vel tilbake i firetida, trur eg. Fin fest! (Det var det bryllupet der vi fekk invitasjon på e-post.)
Topics: 8Replies: 242Det er vel eit utanlandsk/amerikansk fenomen, å bytte om til ein kortare, lettare kjole til dansen på slutten av festen. «Going away-dress» er noko liknande, ei drakt som bruda byttar på seg før ho kastar buketten og går inn i bilen som køyrer brudeparet avgarde på bryllupsreise.
Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242Topics: 8Replies: 242«*Perlemor*» wrote: Alt man skal ta stilling til! Vi ønsker ikke at det skal være for formelt, holder det da å skrive pent?
Vi skriv «Pent men uformelt», då forstår folk at dei ikkje treng å gå «over the top» og å svi av tusenvis på ein ny kjole. Sjansane for at ein har noko som kan brukast om att er større når antrekket ikkje skal vere så stivt, trur eg.
Topics: 8Replies: 242Vi vart invitert i eit bryllup på mail sommaren 2010, det var heilt ok for meg. Det var eit heilt fantastisk bryllup, annleis, mange utradisjonelle element, kjendisfylt og actionfylt. At vi ikkje fekk invitasjon på papir gjorde verkeleg ingenting. Når eg tenker meg om har eg ikkje fått takkekort derfrå heller, men ein entusiastisk takkemail frå brura for gåva vår, som var delar til eit gamalt servise dei samla på som har gått ut av produksjon for mange år sidan.
Eg er som deg, brukar nett til alt. Men eg er også ein keepsake-person, så for oss blir det nok papirinvitasjonar i tillegg til nettside. Svar på invitasjonen blir på nettsida.
Topics: 8Replies: 242Enig med siljeogthomas, 5000 er faktisk billig. Vi skal betale 5000, men då må vi gjere all framkalling sjølve. Han er ein proff fotograf men som har gjort mest reportasjer, portrett o.l. tidlegare, og som vil utvide porteføljen sin med bryllupsbilde. Difor fekk vi ein god pris. Han skal vere med oss ca. kl. 11:00-20:00, og ta bilde fortløpande.
Topics: 8Replies: 242Hønefoss-Fredrikstad er jo uansett ikkje noko Amerika-reise, då. Eg ville satt opp ei gjesteliste, og sett på kor mange som må flytte på seg ved dei to ulike alternativa. Det kunne også vere praktisk å sjå på kvar ein kan finne gode og praktiske overnattingsløysingar for dei tilreisande. Er det nokon som ikkje vil kome viss dei må reise to timar? Gamle/skrøpelege personar? Slike ting må du og kjæresten din vurdere.
Topics: 8Replies: 242Frøken
annonseTopics: 8Replies: 242Må ein ikkje gå ut frå at folk klarer å hegne seg på ein slik dag? Dei to som er nærast til å lage skandale hos oss er gift med kvarandre (framleis), men vi går berre ut frå at dei klarer å halde seg i skinnet på ein slik dag. Ein må kunne forutsette at folk klarer å mobilisere det dei har av godt skjønn og sosiale antenner slik at dei unngår å øydelegge bryllupsdagen til nokon dei er glade i.
Topics: 8Replies: 242 -
ForfatterInnlegg