altgodt
Registreringsdato: 10. feb 2012
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
Startede emner: 8
Forumsvar totalt: 242
Har forumrolle: Deltaker
Her er mi liste, alle på denne lista kan du ta med drikke sjølv. http://altgodt.no/2012/03/29/bryllupslokalefestlokale-i-oslo/
Her varierer tradisjonane veldig, då. Eg kjem frå Sunnmøre, og der er alt under ei kake per fire personar ei skam. Og då kjem krumkaker med krem og karamellpuddingane (vi hadde fem…) i tillegg. Men det blir vilt mykje restar, og det er ein del av greia, for ein invterer naboar og vennar på kakerestefest etterpå. Du kan trygt gå ut frå at ei vanleg 24-26 cm kake per 10 personar er meir enn nok. Men det er jo gøy med variasjon då, og å bake ei kake er lett å be gjestar om, så ein endar ofte opp med meir enn det. Nokre kaker er superpopulære, vi hadde to oreokaker, dei vart borte som dogg for sol. Men av den store bryllupskaka i fire etasjar hadde vi heile nederste etasje (36 cm!) til overs.
Du ser våre her, hengande på ei tavle: http://altgodt.wordpress.com/2012/09/30/bordsettinga/
Ikkje godt lys, men dei vart veldig pene på bordet. 🙂 Eg limte på franske femtitalsblondar på kartong med ulike men koordinerte fargar.
Eg er to år eldre enn deg, så eg kvalifiserer vel som «voksen». 🙂 Her er referatet frå vår fest: viewtopic.php?f=44&t=11085 og her er min planleggingstråd: viewtopic.php?f=41&t=9673
Eg er her ikkje så mykje som før, men legg gjerne igjen spørsmål eller send pm. 🙂
Vi hadde ein søt liten koffert (slik kina-koffert med skinnkantar) til kort, gåvekort og pengegåver, og den vart med heim etter festen. Resten av gåvene vart ståande att, og det gjekk heldigvis bra. Det er tross alt kontantar og gåvekort dei først og fremst er ute etter.
Her er ei oversikt som ligg i min blogg: http://altgodt.wordpress.com/2012/03/29 … le-i-oslo/
Vi inviterte 15 barn mellom seks og sytten, og plasserte dei ved bordet, bevisst langt unna foreldra sine, men saman med nokon dei kjente godt. På den måten fekk foreldra slappe av, samtidig som barna tok ut sin beste oppførsel, og satt pent og spiste maten sin, stort sett. Og så hjalp det veldig at vi sat ved bordet berre to timar og tjue minutt.
Silke smuldrar utruleg lett, så eg syns det høyrest ut som eit risikoprosjekt. Den måtte i tilfelle forast godt, evnt. forast om viss den har gamalt for. Viss det ikkje går kan du jo bruke ein strimmel med silke (legge den opp litt, altså, og så pakke den ned og ta vare på den) som band rundt buketten din, til dømes?
Vi plasserte gjestane ved hovudbordet (vi, våre forlovarar med partnerar og våre foreldre) etter standard etikette. Resten av borda hadde vi free seating på, bortsett frå at folk fekk tildelt eit bord. Ektefellar og sambuarar vart plassert på same bord, men det var opp til dei på bordet korleis dei plasserte seg. På enkelte bord tok «einkvan» styringa, og fordelte gjestane mann-kvinne-mann og ikkje par saman. På andre bord satte folk seg saman med partneren sin. Eg skriv litt om det her: http://altgodt.wordpress.com/2012/09/30/bordsettinga/
Bytt tenester! Vi fekk eit vennepar vi kjenner til å lage bryllupsmiddagen vår ved at vi lagde ei fire etasjes bryllupskake til dei då dei gifta seg i fjor. Då fekk vi mat til 110 for 20 000. DJ-ane er også vennar av oss, ikkje nære nok til at det var naturleg å ha dei på middagsgjestelista, men dei stilte veldig gjerne opp som dj-ar, og dei pakka i tillegg opp gåvene våre under første halvdel av middagen.
Fotografen trengte bryllupsbilde til portofolien sin, og gjorde jobben for 5000,-. Forlovaren min lagde borddekorasjonane i teboksar som eg hadde samla over lang tid, og vi brukte blomar frå engros-hallen på Økern. Lysfat, stakar og anna bordpynt har eg også samla frå bruktbutikkar og loppemarknader i løpet av eit år.
Innsamling hos familien foreslår eg. Det gjer ingenting om ikkje alle er like. Å kjøpe er mest styr, du vert ståande med masse glas som du ikkje treng. Eventuelt kan du gjere ein deal med dei du leiger av, om at dei kjøper glasa av deg til halv pris. Det er jo ganske utruleg å leige ut eit festlokale utan konjakk- og likørglas.
Vi gjorde det også før vielsen. Han kom til frisøren og henta meg der, og så dro vi og tok bilde. Veldig koseleg, og null stress ifbm vielsen. Etter at vielsen var over var det berre kos og fest og gøy, og fotografen gjekk over til å ta meir «dokumentariske» bilde.